Eg ser dei trulause og kjenner avsky
Summen av Guds ord er sanning!

Sjå meg og miskunna deg over meg

Salme 119,159 Sjå, eg elskar dine påbod (6490)! Herre, gjev meg liv i di miskunn!

For andre gongen i denne bolken ber David om å bli sett og vurdert. Først sa han: sjå mi naud, og no seier han, sjå kor eg elskar dine påbod. David elska ikkje berre Guds gode lovnader, han elska Guds påbod. Det er lett å vera glad i dei gode orda og lyse lovnadene, men det er dessverre mange som ikkje er like glad i Guds bod. Nokre vil helst gløyma eller motarbeida Guds påbod når dei går på tvers av den livsstil dei har lagt sin elsk på.

David elska Guds bod så høgt at han hata alt som gjekk imot boda. Slik må vi også elska alt som er godt og rett. Alle Guds påbod er gode og fullkomne. Det som motseier Guds bod er vondt, urett og ureint. Alt Gud seier og vil er godt og vakkert. Alle Guds påbod er uttrykk for kjærleik og visdom. Når vi har lært Gud å kjenna vil vi skjønna hans visdom og godleik i alle hans bod.

Herren ser til hjartet. Han såg at David elska Guds ord og gav han det vitnemålet at han var ein mann etter Guds hjarte. Eit Guds menneske elskar Guds lov og grundar på han ord dag og natt. Når David seier: sjå, eg elskar dine lovbod, vil han at Gud skal sjå korleis han tenkjer på dei, forkynner dei og lever dei ut i kvardagen sin. Lukkeleg er det mennesket som med frimod kan seia dette til Herren, og likevel forstå at alt er berre nåde.

Den neste bønna David ber viser oss dette: Herre, gjev meg liv i di miskunn! Det er faktisk tredje gongen i denne bolken at han ber Herren gje han liv og fornying. Denne gongen appellerer han til Guds nåde og miskunn. Det er med andre ord berre Guds trufaste kjærleik som ligg til grunn for dei bønnesvara vi får. Herren ser både vår naud og vår heilhjarta kjærleik, men når alt kjem til alt er det berre nåden som gjer at vi får liv. Gud ser og lønner dei som med iver søkjer han, men berre på grunn av si eiga miskunn. Guds trufaste kjærleik tek aldri slutt, men vil bera oss gjennom heile livet både når vi lukkast og mislukkast!

Comments