Å kompromissa på sanninga i Guds ord har inga framtid.
22/09/2020
Salme 119,157 Det er mange som jagar meg og står meg imot, men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod (Strong 5715).
David er forfølgd og har mange fiendar. Dei som jaga han og hadde avsky for han var mange. Den vondskapen og fiendskapen han møtte frå menneske står i grell kontrast til Guds gode miskunn som han nemner i førre verset. Det er litt underleg å tenkja på at ein slik from og gudfryktig mann som David hadde mange som jaga han og stod han imot. Kanskje er det den fromme gudsfrykta som er sjølve grunnen for den motstanden han møter?
Det er i alle fall det Jesus og apostlane åtvara oss om. Jesus sa vi måtte rekna med å bli hata av verda, fordi vi er ikkje av verda. Jesus har valt oss ut av verda og slik han vart forfølgd vil alle som trur på han bli forfølgd. Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Dette er den prisen vi må betala for å vera ein Jesu læresvein. Apostelen Paulus seier det same: Alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus blir forfølgde (2 Tim 3,12). Å vera ein kristen er ikkje ein dans på roser, men eit liv med motstand. Då er det godt å vita at sanning og rett, nåde og kjærleik, vinn til slutt!
Vi må berre stå fast på Guds ord og ikkje bøya av frå hans lovbod. Å kompromissa på sanninga i Guds ord har inga framtid. Dei som på grunn av presset frå dei politisk korrekte meiningane bøyer av frå Guds lovbod har tapt. Guds ord står fast til evig tid, men menneskemeiningar blir gamle og avleggs og må stadig skiftast ut. Det som var politisk korrekt i min ungdom er det ikkje lenger i dag. Alle tankar og meiningar som strir mot sanningane i Guds ord vil før eller seinare visa seg å vera feil. Det tryggast vi kan gjera er å leva etter Guds bod, for dei er tidlause og viser vegen til det verkeleg gode livet.
Eg har levd eit langt liv i trua på Guds ord. Eg har sett mange menneskelege teoriar og filosofiar feila, men Guds ord har stått si prøve. Dess eldre eg har vorte, dess større tillit har eg fått til Guds ord. Livet har vist meg at det er lurt å ikkje bøya av frå Guds lovbod. Ingen kan bryta Guds bod utan å skada seg sjølv. Alle som lever etter Guds ord får oppleva hans nåde og hjelp gjennom alt det vonde og vanskelege som livet kan by på. Gud er trufast mot ordet sitt og held alle lovnader han har gjeve.