Kva skjer når vi ikkje spør etter Guds forskrifter?
18/09/2020
Salme 119,155 For dei lovlause er hjelpa langt borte, dei spør ikkje etter dine forskrifter.
David har nett med stor tru og tillit bede om hjelp, utfriing og frelse i trygg visse om at Gud vil høyra bønna hans og gripa inn. Stoda til dei lovlause står i grell kontrast til dette. Hjelpa er langt borte frå dei og dei har inga håp om berging. Guds ord gjev stor trøyst til menneske som angrar si synd og vender om frå si lovlause ferd, men for dei lovlause er det inga trøyst å få. Vi må gje akt på sanningane i dette verset og lata oss åtvara til ikkje å vera som dei lovlause eller ugudelege, for frelsa er langt frå slike folk.
Det hebraiske ordet David bruker her blir ofte omsett til wicked på engelsk og lovlaus eller ugudeleg på norsk. Det er det motsette av å vera rettferdig. Slike folk er stolte, vondskapsfulle, uærlege, svikefulle, ville, ureine og ustødige. Med andre ord er dei lovlause og ugudelege syndarar.
Hjelpa, som er langt borte frå dei lovlause, blir svært ofte omsett med frelse. Å bli ført frå ei vond og vanskeleg stode til ein trygg og god situasjon, krev utfriing. Dette blir i GT kalla for frelse. Det er å bli berga og sett fri.
Dei lovlause kan ikkje venta å bli berga frå sitt syndige liv eller følgjene av si lovløyse. Frelse og utfriing er langt bort frå dei ugudelege for deira gudløyse vil føra dei til fortaping. Grunnen til at desse folka har vorte lovlause og ugudelege, er i følgje David, at dei ikkje spør etter Guds forskrifter. Det er ein tankevekkjande samanheng mellom ikkje å spørja etter kva Guds ord seier og det å bli lovlaus, vond og ugudeleg.
Når menneske kastar gudsfrykta på søppelhaugen og ikkje bryr seg om Guds lover, då blir dei eit lett bytte for urett og lovløyse. Når folk ikkje vil vera lydige mot Guds ord og halda hans bod, blir dei fanga av lyst til det vonde. Dei som ikkje spør etter Guds forskrifter bli slavar av synd og øydeleggjande lyster. Paulus skildra denne skremmande utviklinga i Romarbrevet kapittel ein.
Lat oss leggja denne åtvaringa på hjartet! Lat oss ta Guds ord på alvor og søkja å leva rett og rettferdig i samsvar med Guds forskrifter. Då vil Gud frelsa oss frå det vonde.