Guds ord er alltid rett
Frels meg så eg kan gjera din vilje!

Heilhjarta bønn

Vi har no kome til den nittande bolken i Salme 119. No startar alle åtte versa med den hebraiske bokstaven QOF. Denne bolken fortel David om sitt bønne- og andaktsliv og ber om utfriing frå dei vonde tinga han opplever. Den som har brukt tid åleine med Gud i bønnerommet vil få oppleva at Gud er med han i eldomnen. I denne bolken får vi vita korleis David bad, kva han bad om, når han bad, kor lenge han bad, og kva som hende som svar på bønn.

ק

Salme 119,145 Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre! Dine forskrifter vil eg ta vare på.

Legg merke til intensiteten i David sitt bønneliv. Han ropte av heile sitt hjarte til Herren. Når han seier at han ropte, vil ikkje det seia at han alltid brukte ei svært høg røyst. Det gjorde han nok ofte, men langt frå alltid. Om han ropte av høg hals med den klangfulle røysta si, eller om hans indre ropte til Gud og ingen andre kunne høyra det, så gjorde han det av heile sitt hjarte. Det er det som er det viktigaste av alt når vi ber til Gud. At vi legg heile vårt hjarte i det vi ber om. All ekte bønn kjem frå hjartet og er boren fram av inderleg lengt etter Herren.

Svar meg, Herre! Det er godt å vita at vi ikkje ber ut i lause lufta. Bønnene våre er retta til den allmektige Herre Gud, skaparen av himmel og jord! Vi ber heller ikkje for å letta på det psykiske presset vi kan kjenna i sjela og tankelivet. Vi ber for å få svar! Bønn er ikkje ei mental øving for å vinna ro i sjela, men fellesskap med Gud som lønner dei som med iver søkjer han.

Legg også merke til at David kjem med lovnader til Herren når han ber. Dine forskrifter vil eg ta vare på, seier han. Bønnesvar er ofte nært knytt til at vi tek vare på Guds ord. Vi kan ikkje venta at Gud skal høyra og svara oss om vi ikkje høyrer på det han seier. Heilhjarta bønn inneber ein ærleg iver etter å leva i samsvar med Guds vilje slik hans forskrifter viser oss.

Comments