Dag og natt kan vi stiga fram for Gud
Anklagaren pustar oss i nakken!

Høyr mi røyst - gje meg liv!

Salme 119,149 Høyr meg i di miskunn, Herre, gjev meg liv etter dine lover!

Høyr mi røyst, seier David på hebraisk. Dei fleste av oss finn det nyttig å bruka stemmen vår når vi ber. Det er vanskeleg å halda fokus og å vera uthaldande i bønn om vi ikkje bruker røysta vår. Eg liker ofte å kunna ropa høgt når eg ber og difor finn eg ein plass der ingen høyrer meg eller blir forstyrra når eg roper til Gud. Det er sjølvsagt ikkje slik at det er stemmebruken som avgjer om vi får bønnesvar. Gud høyrer dei stillaste bønne frå vårt hjarte og heldigvis blir han ikkje skremd av våre høge og intense bønnerop.

Legg merke til at når David seier, høyr mi røyst eller høyr meg, så er det ikkje røysta eller måten han ber på som står i fokus, men Herrens miskunn. «Høyr meg i di miskunn, Herre!» Når vi kjem fram for Gud, kjem vi ikkje på grunnlag av noko vi har gjort oss fortent til. Vi er alltid avhengige av Guds nåde og miskunn. Vi har frimod til å lyfta røysta vår til Gud fordi vi veit at han er barmhjartig. Gud er vår gode og nådefulle Far. Han veit korleis vi er skapt. Han kjenner vår veikskap. Trass i at vi kjem til kort, elskar han oss med ein inderleg og evig kjærleik. Gud svarer ikkje på bønnene våre fordi dei er fint formulerte. Det er berre miskunn og nåde som er grunnen til dei bønnesvara vi måtte få.

Det hebraiske ordet for miskunn kan også omsetjast med Guds trufaste og varmhjarta kjærleik. Dette er eit av dei finaste orda i bibelen og handlar om Guds trufaste paktkjærleik. Gud elskar oss med eit varmt hjarte. Guds kjærleik er inderleg og god. Gud er vår himmelske Far. Vi kjem fram for han som hans barn. Vi elskar fordi han elska oss først.

Difor ber vi med frimod at han skal gje oss liv etter hans lover. Guds ord fornyar og forfriskar oss. Guds lov viser oss livsens veg for ho fører oss alltid til Jesus Kristus, vår Frelsar og Herre. Guds ord fornyar sinn og tankar. Det gjev oss mot og tru til å gjera det som er rett. Når vi kjem til Jesus, får vi liv og liv i overflod.

Comments