Gud er nær og hans bod er alltid gode!
Sjå mi naud og fri meg ut!

Guds ord er truverdig og hans lovbod er evige, dei står alltid fast.

Salme 119,152 Av dine lovbod har eg lenge skjøna at du har grunnlagt dei for evig.

Når David seier at han har lenge skjøna at Herrens lovbod står fast for evig, så forstår vi at det er noko han har lært tidleg i livet. BGO seier frå gammal tid og Sepuaginta seier frå byrjinga. David hadde alt frå sin barndom lært Guds lovbod og vitnesbyrd å kjenna. Ut frå kjennskapen til Guds ord kunne han forstå at alt som kjem frå Guds munn har ein evig karakter fordi Gud sjølv er evig.

Om vi bruker uttrykket frå gammal tid, kan det vera at David viser til overleveringane frå fedrane. Guds lovbod er ikkje ein nymotens ting, men har vorte overlevert frå forfedrane i generasjon etter generasjon. Guds vitnesbyrd har med andre ord vorte prøvd og praktisert av fedrane i fleire ættledd som har opplevd at Gud har vore trufast mot sitt ord. Trua og tilliten til Gud og hans lovbod har vorte gjeve frå far til son og frå mor til dotter. Dermed kom David til å skjøna det som fedrane hadde kome fram til: Guds ord er truverdig og hans lovbod er evige, dei står alltid fast.

Legg likevel merke til at David seier, av dine lovbod har eg lenge skjøna at du har grunnlagt dei for evig. Det var ikkje nok for han å ta over trua til fedrane. Ved å lesa og studera Guds lovbod kunne han sjølv sjå at dei står fast for alltid. Av dine lovbod, seier han, og viser til at han er opplært av Ordet. Ved å granska og grunda på Guds bod forstod han at dei byggjer på evige prinsipp som ikkje kan setjast ut av kraft.

Bibelen er Guds ord og er innånda av Gud. Guds ord har ein tyngde i seg sjølv som er vanskeleg å ikkje leggja merke til. Den evige karakteren til Guds vitnesbyrd er overtydande. Guds lovbod er alltid gode for menneska, til alle stader og til alle tider. Om vi kjem til Bibelen med eit ope og ærleg hjarte vil vi fort oppdaga at Guds ord må gjelda til alle tider.

Comments