Korleis kan vi takla ytre strid og indre angst?
Heilhjarta bønn

Guds ord er alltid rett

Salme 119,144 Dine lovbod (Strong 5715) er alltid rette. Gjev meg skjøn så eg kan leva!

Rettferda i Guds vitnesbyrd varer evig. Guds lovbod er alltid rette for dei er eit uttrykk for Guds evige rettferd. Guds ord er alltid sant og rett. Guds lov er alltid god. Alle lover og bod finn si oppfylling i kjærleiksbodet om å elska Gud og våre medmenneske. Kjærleiken oppfyller alle Guds lovbod.

Guds ord står fast til alle tider. Hans lovbod er alltid rette og kan ikkje endrast. Himmel og jord skal forgå, men Guds ord varer til evig tid. Når vi tek imot Ordet i vårt hjarte blir Guds kraft frigjort inni oss og blir eit styrande prinsipp for livet vårt. Det blir ei kjelde med levande vatn som veller fram til evig liv (Joh 4,14). Difor må vi alltid grunda på Guds ord for hans lovbod er alltid rette og gode.

Når vi veit at Guds lovbod alltid er rette skaper det ei bønn i vårt hjarte om nåde og hjelp til å leva etter Guds ord: Gjev meg skjøn så eg kan leva. Alle sanne kristne har denne lengten etter å læra Guds vilje betre å kjenna. Vi lengtar etter meir innsikt og forstand så vi kan leva eit liv til Guds ære. Det er berre når vi lever etter Guds vilje at livet verkeleg er rikt og meiningsfullt. Ordet viser oss vegen til det verkeleg gode livet i glede, fred og lukke, både her på jorda og i den komande verda.

Jesus sa: Dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og Jesus Kristus, han som du har utsendt (Joh 17,3). Difor ber vi kvar einaste dag: Gjev meg skjøn, lat meg for kjenna deg, så eg alltid kan leva det gode livet med deg!

Comments