Anklagaren pustar oss i nakken!
Guds ord er truverdig og hans lovbod er evige, dei står alltid fast.

Gud er nær og hans bod er alltid gode!

Salme 119,151 Herre, du er nær, alle dine bod er sanning.

David har nett sagt at dei som jagar han er i hælane på han. Han er omringja og forfølgd av fiendar som ikkje bryr seg om Guds ord. Det var inga lett situasjon han var i. Likevel er han trygg, for han veit at Herren er nær. Det er fantastisk å vita at Herren er nær når alt omkring oss er vondt og vanskeleg. Om fienden er nær, er Herren nærare. Om motstandarane er mektige og skremmande, er Herren sterkare og større.

For ei trøyst det er å vita at Herren alltid er nær og aldri vil gå frå oss. Dette må vi ofte minna oss sjølve på når ting går på tverke og sjelefienden plagar oss. Det er slett ikkje alltid vi kan føla at Herren er nær. Ofte kan vi føla oss heilt åleine. Nokre gonger er det vanskeleg å sjå og forstå kva Gud held på med, for ingenting i det ytre tyder på at Herren er nær. Trass i alle vanskar kan vi likevel halda fast på at Herren er trufast og at han er nær. Det er ikkje alltid vi ser sola, men vi veit at ho er der likevel bak dei mørke og trugande toreskyene. Vi kan setja vår lit til at Herren er nær, også når si ikkje ser han.

Gud kan ikkje lyga. Han er alltid trufast og sann. Han held det han lover og gjer det han seier. Guds bod og lover er sanning. Den enkle tilliten til sanninga i Guds ord er det som vil bera oss trygt gjennom motgang og vanskar. Trua på Guds ord gjev oss motstandskraft i kampen mot fiendens fordømmande åtak. Guds ord alltid er sanning. Guds bod alltid er gode. Guds lover lærer oss å leva gode og meiningsfulle liv. Guds ordningar skaper gode samfunn.

Synd er svik og truløyse mot Guds ord. Synda er falsk, ho held aldri det ho lovar. Synd fører aldri til eit godt liv, men kan gje ei kortvarig nyting som kan blenda folk. Følgjene av synd, det å bryta Guds lov, er alltid øydeleggande. Det falske livet i synd ber ingen gode frukter. Det sanne og gode livet i samsvar med Guds ord er full av gode frukter: kjærleik, glede, fred, langmod, vennleg sinn, godleik, truskap, mildskap, sjølvkontroll og så vidare. Gud bod er sanning.

Comments