Heilhjarta bønn
To viktige bønnevanar

Frels meg så eg kan gjera din vilje!

Salme 119,146 Eg ropar til deg, frels meg så eg kan halda dine lovbod!

På ny understreker David at når han ber, roper han til Gud. Han ber inderleg og med brennande iver. Han er fokusert og ber med heile sitt hjarte til Herren. Det er viktig for han å få fram at han ber til Herren åleine og ingen andre. «Eg roper til deg!» Berre i håp til Gud kan sjela finna kvile. Gud er vår trygge berg og borg, han bergar oss frå alt det vonde.

Bønna er enkel og fokusert: Frels meg! Berg meg! Det er ikkje nødvendig å bruka mange ord når vi ber. Veltalande ord og flotte formuleringar gjer ikkje inntrykk på Gud. Den enkle bønna om frelse rører ved Guds hjarte. Då Peter vart skremd av dei store bølgjene og heldt på å gå under, ropte han, «Herre, berg meg!» Desse tre orda fekk Jesus til å retta ut handa si og gripa inn for å hjelpa han. Korte bønner bedne i fortviling og tru kan ha stor verknad.

Legg merke til at David ikkje nøyer seg med å be om berging. Han ber om meir enn frelse. Han forstår at Gud har større mål enn berre å berga han frå synd eller ei vanskeleg stode. Han seier: «Frels meg så eg kan halda dine lovbod!» Vi må ikkje avgrensa frelse berre til berging frå fortapinga eller tilgjeving frå synd. Guds frelse har alltid eit større sikte. Gud vil ikkje berre frelsa oss frå synd, øydelegging og ruin, han vil også frelsa oss til eit godt liv i fellesskap med seg sjølv.

Jesus sa at tjuven berre kom for å stela, myrda og øydeleggja, men at han var komen for å gje liv og overflod. Jesus er raus i å tilgje. Der djevelen har herja og øydelagd kjem Jesus med frelse frå alt det vonde for å gje oss liv og overflod. Smak litt på det ordet, overflod, det betyr meir enn nok. Det er eit liv som flyt over av glede og fred.

Dette gode livet i overflod vil vi berre finna når vi held Guds lovbod. Dette forstår David når han ber om frelse for å kunna leva etter Guds ord. Han ber om frelse frå synd og freisting, frå lyster og vonde tankar. Han ber og utfriing frå alt som kan hindra han frå å gjera Guds vilje. Vi ber om frelse for å få liv og overflod slik at vi kan tena Guds plan i vår levetid og vera til velsigning for menneske rundt oss.

Comments