Eg ser dei trulause og kjenner avsky
25/09/2020
Salme 119,158 Eg ser dei trulause og kjenner avsky, dei tek ikkje vare på ditt ord.
David er ein mann med integritet. Han elskar Herren av eit heilt hjarte og er heil i si ferd. Når han ser trulause menneske kjenner han avsky, seier han. Slik viser han at å elska Herren er å hata urett og vondskap. Eg ser dei trulause, seier han, og meiner at han forstår den indre karakteren deira. Han skjønner kva dei prøver oppnå og måten dei oppfører seg på. Når han tenkjer på kva enden deira vil bli kjenner han både sorg og avsky.
Eg liker David. Han er så ekte menneskeleg og er ikkje redd å fortelja om både gode og vonde kjensler. Han prøver ikkje å gjera seg betre enn han er. Han skjuler ikkje at han er uroleg, nedtrykt, motlaus eller redd. Når han seier at han kjenner sorg og avsky, når han ser dei trulause, er det ein spontan og ekte reaksjon frå eit gudfryktig hjarte. Det vi kjenner avsky over seier like mykje om oss som det vi elskar og set høgt. Å elska og hata er to side av same sak. Vi elskar rett og rettferd, men vi hatar urett og vondskap.
Det er interessant å merka seg den samanhengen David ser mellom trulause og å ikkje ta vare på Guds ord. Når menneske ikkje tek vare på Guds ord, mistar dei det gode kompasset i livet sitt. Om vi ikkje tek vare på Guds bod og set dei høgt, skadar vi oss sjølve. Då mistar vi ei sann forståing av dei rette verdiane. Alt blir flytande eller relativt og ingenting står fast. Då er ikkje lenger noko absolutt galt eller urett. Absolutt sanning er borte. Då blir vi eit offer for sviktande dømmekraft, menneskelege meiningar og skiftande kjensler. Med andre ord blir vi trulause og forsvarar truløysa vår med kjensler av eigen vinning.
Det er med andre ord svært farleg å gløyma eller ignorera Guds ord. Å forsømma Guds ord kan få katastrofale følgjer for oss og våre medmenneske. Om vi ikkje tek vare på Guds ord blir samvitet sløvt. Det indre kompasset finn ikkje retninga. Verdiane våre kjem i fritt fall. Vi kan bli eit lett bytte for urett vurdring og motivasjon. Vi endar opp med å bli noko vi aldri ønskte eller planla. Lovløyse og truløyse kjem snikande og øydelegg oss. Difor kjenner vi både sorg og avsky for dei trulause.