To viktige bønnevanar
Høyr mi røyst - gje meg liv!

Dag og natt kan vi stiga fram for Gud

Salme 119,148 Med auga opne går eg inn i kvar nattevakt for å grunda på ditt ord.

David ber ikkje berre tidleg om morgonen. Det ser ut som om han ber heile døgnet. Han har fellesskap med Gud gjennom heile dagen, men har også sine faste bønnetider tre gonger om dagen. Vi kan ha fellesskap med Gud og samtala, be og sukka til han gjennom alt vi møter i livet, men det er også godt å ha ein fast rytme i bønnetidene våre. Det eine utelukkar ikkje det andre, men heller styrkjer kvarandre.

I nattevaktene, når han vakna om natta, snudde han seg ikkje berre rundt for å gå tilbake til søvn, men ville heller be og grunda på Guds ord. Å bruka tid med Gud er alltid verdifullt. Å be og grunda på Guds ord er ein god måte å ha fellesskap med Gud på. Då tar vi åndeleg næring til oss og blir styrkja i trua. Å dagleg næra oss av det ordet som skaper tru er svært viktig for vår åndeleg vekst og utvikling.

Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut av Guds munn. Guds ord er viktigare enn vanleg mat. Å bruka tid med Gud er den beste bruk av tid som finst. Av og til er dagane så travle at vi ikkje finn tid til å be og grunda på Guds ord. Om dagane er fulle, kan vi likevel bruka litt av natta til fellesskap med Gud. Det svarer seg aldri å forsømma det personlege andaktslivet. Om vi har mykje som skal gjerast og livet er travelt, då er det viktigare enn nokon gong å be og grunda på Guds ord. Det er betre å sova litt mindre og bruka tid med Gud enn å ikkje ha tid til bønn og bibellesing.

Det gode er at vi kan koma fram for Gud til alle tider. Døra inn til Guds nærvær er alltid open. Vi kan når som helst stiga fram for nådens kongstol for å få miskunn og hjelp. Jesus har opna ein levande veg inn til Guds trone. Dag og natt kan vi stiga fram for Gud og høyra levande ord frå hans munn som styrkjer og rettleier oss.

Comments