Kva skjer når vi ikkje spør etter Guds forskrifter?
Å kompromissa på sanninga i Guds ord har inga framtid.

Be i samsvar med Guds store hjartelag og gode lover

Salme 119,156 Herre, di miskunn er stor, gjev meg liv etter dine lover!

David lært Gud å kjenna som nådig, kjærleg og miskunnsam. Dette gjev han frimod til å koma fram for Gud og be store bønner. Guds mangfaldige hjartelag er stort og det tek David utgangspunkt i når han ber. Det kan også vi gjera.

Når vi kjem fram for Gud har vi ingenting i oss sjølv å rosa oss av. Vi har ikkje rett eller krav på noko frå Den Heilage og Allmektige Gud, for vi har alle synda og manglar hans herlegdom. Likevel kan vi koma med frimod og bera fram bønnene våre. Det er Guds store miskunn eller hans trufaste kjærleik som gjer at vi kan stiga fram for han med våre små og store bønner, med bønnerop og stille sukk. Gud elskar oss med ein evig kjærleik, elles hadde det vore ute med oss, og difor kan vi koma til han uansett korleis vi har det.

Legg merke til at David tek utgangspunkt i Guds varme hjartelag og ber om å få liv etter Guds lover. Når vi har desse to enkle tinga på plass, kan vi rekna med at Gud høyrer og svarer. Å be om liv etter Guds lover er det same som å be om liv etter Guds vilje. Guds lover i dette verset handlar om Guds dommar, om hans avgjersler, om det han har bestemt. Det er alltid trygt å be om noko etter Guds lovnader og lover. Då ber vi etter hans vilje og kan ha vissa om at han høyrer oss.

Vi treng med andre ord å vera trygge på Guds varme og mangfaldige hjartelag, på hans nåde, miskunn og trufaste kjærleik når vi ber. Då kan vi be med barnleg tillit til vår himmelske Far. Vi treng også å vera trygge på Guds lover, på hans kjærlege vilje og gode lovnader. Då kan vi be med tru og forventing. Guds kjærlege hjartelag og hans gode lover er det beste utgangspunktet for eit rikt bønneliv. Når Gud miskunnar seg over oss, fornyar og forfriskar han oss etter sitt ord.

Comments