Høyr mi røyst - gje meg liv!
Gud er nær og hans bod er alltid gode!

Anklagaren pustar oss i nakken!

Salme 119,150 Dei som skamlaust jagar meg, er nær, dei er langt borte frå di lov (Strong 8451).

På ny skildrar David den farlege situasjonen han er i. Vonde menneske jagar etter han i vondskap. Dei er i hælane på han. Han høyrer at dei er rett bak han, dei er nær. Dei er skamlause i si forfølging og dei held på å fatt i han. Desse skamlause fiendane hans har inga samvit for dei er langt borte frå Guds lov. Det er jo slik i dag også at dei som vender seg bort frå Guds ord vender seg mot dei som held fast på Guds ord.

Desse orda frå David minner oss på at vi ikkje har kamp mot kjøt og blod. Vi står i en åndeleg kamp. Vi har ikkje kamp mot menneske, men mot mørke krefter, mot verdsherskarane som høyrer til mørket i denne tidsalderen, mot vondskapens åndehær. Det er apostelen Paulus som bruker desse sterke orda når han snakkar om den åndelege kampen vi står i.

Vondskap og skamløyse står bak mange av dei nyare lovene vi har fått i landet vårt i det siste. Det Bibelen seier er ein øydeleggjande styggedom blir lyfta opp som noko godt og fint. Det Bibelen seier vi må prøva å rydda bort frå samfunnet blir verna om. Dei som i kjærleik vil berga menneske frå denne styggedommen blir skulda for hatprat. Dei skamlause syndarane forfølgjer dei som vil fremja det gode og heilage livet etter Guds lov. Vi må be for alle gode krefter som engasjerer seg for å verna om trusfridom og ytringsfridom i landet vårt. Vi må be for alle kristne som vågar å stå opp for sanning og rett, og som held fast på Guds ord i den offentlege debatten.

Djevelen er ein anklagar mellom brørne våre. Han anklagar dei som trur på Jesus dag og natt på mange måtar. Dessverre greier han av og til å lura kristne menneske til å vera med i hylekoret mot andre kristne. Det er svært trist når det skjer, men det er noko vi opplever nesten dagleg når vi opnar kristne dagsaviser.

Kvar ein av oss er utsette for djevelens anklagar mot oss. Han er utspekulert og veit korleis han skal gjera oss motlause. Han er ein meister til å få oss til å føla at vi kjem til kort og er udugande. Det verste er når han med sine anklagar får oss til å begynna å tvila på om vi kan vera kristne, om vi verkeleg er frelste frå synda og har evig liv. Djevelen pustar oss skamlaust i nakken med alle sine løgner om oss sjølve og om våre kristne søsken.

Comments