Guds rettferd er alltid rett
Guds ord er alltid rett

Korleis kan vi takla ytre strid og indre angst?

Salme 119,143 Naud og trengsle har kome over meg, men eg frydar meg over dine bod.

Mykje kan seiast om menneskelivet på både godt og vondt, slik David gjer i dette verset. Han har det vondt og vanskeleg for naud, fortviling og trengsle har kome over han. Det kan vera ytre omstende som plagar han, eller vondskapen frå motstandarane hans, eller det kan vera hans eigen indre konflikt han strever med. Det vi veit er at han på ein måte er fanga og plaga av uro og fortviling. Dei urolege kjenslene og tankane trengde seg inn på han.

Naud og trengsle hadde kome over han og heldt på å overvelda han. Lik Paulus fann han inga kvile i sinnet sitt, men vart plaga frå alle kantar. Han møtte berre motgang, strid omkring seg og angst inni seg. Han var rett og slett fortvila. Mange av oss kjenner oss att i denne skildringa. Både det som skjer utanfor oss og angsten inni oss kan driva oss inn i djup fortviling.

Det gode er at midt i ei vanskeleg stode med både ytre og indre strid, kan vi gjera som David og seia: men. Men – dette litle ordet etter ei skildring av det som er vondt og vanskeleg, skaper håp og tru. Men – opnar opp for ei anna og betre røyndom, ei ny og annleis framtid. Det er det same kor vanskeleg livet er, vi kan alltid seia men og gleda oss i Gud: Men eg frydar meg over dine bod. Men eg finn trøyst i dine lovnader. Men eg vil gleda meg over di miskunn og din store truskap.

Guds barn kan leva med denne gåtefulle spenninga mellom ytre strid og indre angst, og Guds fred og gleda i Herren. Naud og trengsle, men likevel tru og trøyst. Angst og uro, men likevel fred og fryd. Paulus seier det slik: Vi er hardt trengde på alle kantar, men ikkje knuste. Vi er tvilrådige, men ikkje i fortviling, rådville, men ikkje rådlause. Vi er forfølgde, men ikkje forlatne, nedslåtte, men ikkje øydelagde.

Gud er større enn alle vanskar. Guds ord gjev oss trøyst i alle trengsler. Difor kan vi fryda oss over hans bod midt i dei motgangane vi møter i livet.

Comments