Guds lovbod er rette og sanne
Guds ord er reint heilt igjennom

Kjærleiken til Guds ord skaper brennande iver

Salme 119,139 Min brennande iver gjer ende på meg, for motstandarane mine har gløymt dine ord.

I dei to førre versa har David fortald om kor sant og herleg Guds ord er. I dette verset fortel han om seg sjølv og den djupe kjærleiken han har til Guds ord. Kjærleiken til Guds ord skaper ein brennande iver i han. Hans nidkjære sinnelag fortærer han. Dei sterke kjenslene brenn i han og vil gjera ende på han. Vi treng også å ha denne sterke overtydinga om at Guds ord er sant, herleg og vedunderleg. Når vi elskar Gud og hans ord, vil vi setja Bibelen høgt i våre ord og tankar.

Kjærleiken til Gud skaper alltid brennande iver. Det ser vi hos Jesus også, for han hadde ein brennande iver for Guds hus som fortærte han (Joh 2,17). Alt som ein tolvåring elska han å vera i Guds hus (Luk 2,49). Frå Guds ord kjende han til Guds plan og vilje for Guds hus som skulle vera eit bønnehus for alle folk. Difor gjorde han i brennande iver templet reint ved å driva ut alle dei som utnytta det til eiga vinning. Han visste kva Gud ville ha, eit heilagt bønnehus, difor brann det i han då han såg folk forvrengja Guds plan og vilje. Den brennande iveren gjorde at han fekk mange fiendar, men det var ein pris han var villig til å betala.

Jesus sa at om vi elskar han, vil vi halda boda hans (Joh 14,15,21; 15,9-10). Elskar vi Jesus vil vi også elska både boda og lovnadene hans og leva etter dei med stor iver og glede. Dette er det normale kristenlivet: å vera driven av ein brennande kjærleik til Jesus og hans ord.

Dessverre oppdagar vi med skrekk og gru at det finst folk som gløymer Guds ord. Det gjer vondt når folk snakkar ned Bibelen med foraktelege ord. Det er nesten utoleleg at folk motarbeider det Gud seier i Bibelen. Vi kan tola at folk overser eller gløymer oss, men det er forferdeleg når folk vender seg bort frå Gud. Dei som forkastar Gud vil lett sjå på oss, som trur på Gud og elskar hans bod, som motstandarar.

I vår enkle tru og uskuld er det nesten ufatteleg at folk forkastar Guds ord. At dei vågar å trø det heilage ordet frå Gud ned i søla! Korleis kan dei oversjå Guds eigne bod? Kjærleiken til Gud gjer oss brennande ivrige og nidkjære for hans bod. Brennhug fortærer oss.

Comments