Guds ord er reint heilt igjennom
Guds rettferd er alltid rett

Ikkje lat fordommar mot din unge alder hemma deg!

Salme 119,141 Eg er ung og forakta, men eg gløymer ikkje dine påbod (6490).

Tenk over det David her seier når han skriv denne fantastiske salmen på 176 vers der han utrykkjer sin kjærleik til Guds ord. Eg er ung og forakta, seier han. Når vi les denne salmen kunne vi tru at David har kome langt opp i åra, men han er berre ein ung mann. Han har ikkje vunne seg eit namn enno, men er forakta og sett ned på. Han er nok ikkje den einaste unge som har opplevd forakt på grunn av ung alder. Difor formanar Guds ord oss om å ikkje mista motet og la nokon sjå ned på oss på grunn av vår alder, men heller vera eit førebilete for alle dei kristne i ord og gjerning, i kjærleik og tru, i ånd og reinleik (1 Tim 4,12).

Eg kan minnast at eg som ung forkynnar høyrde folk seia bak ryggen min: «Den unge jyplingen, kven trur han at han er? Kva røynsle har denne unge jyplingen som gjer at vi skal høyra på det han seier? Berre vent til han blir gammal og røynd, då vil tonen få ein annan lyd.» Eg var berre 19 år då eg begynte å reisa og forkynna, men eg møtte slike haldningar mest heilt til eg hadde fylt 40 år! Dessverre kan unge menneske møta mange fordommar frå folk som har nokre fleire år på nakken. Desse fordommane hjelper ingen. Unge menneske må få ære og respekt for den dei er og den trua dei ha på Guds ord.

Vi har mykje å læra av David si haldning. Han tykte synd på dei som hadde gløymd Guds ord, og han let seg ikkje kua av dei eldre. Eg er ung og forakta, men har ikkje gløymd dine påbod, seier han, med klar henvisning til dei som er eldre enn han sjølv og som har gløymd Guds bod. David kjenner på ei sorg i hjartet når han tenkjer på dei som er eldre, men som gløymd å leva etter Guds påbod. Dei som er eldre burde jo vera førebilete for dei yngre og oppmuntra dei unge til å leva etter Guds ord. Dessverre er dei ikkje alltid slik.

Ungdom, ver frimodig og hald fast på Guds ord! Ikkje gløym Guds påbod, men ver eit førebilete for alle menneske i å radikalt og heilhjarta lever etter Guds bod. Då vil du aldri bli til skamme!

Comments