Ikkje lat fordommar mot din unge alder hemma deg!
Korleis kan vi takla ytre strid og indre angst?

Guds rettferd er alltid rett

Salme 119,142 Di rettferd er alltid rett, di lov (Strong 8451) er sanning.

Dette korte verset inneheld ei djup og stor rikdom. Fordi Gud er rettferdig er hans rettferd ei evig rettferd. Bibelen gjev oss innsikt i Guds rettferd, korleis han dømmer og verdset, kva han seier er rett og galt, godt og vondt. I våre dagar er det mange røyster som vil relativisera, privatisera eller til og med kasta Guds rettferd på den historiske skraphaugen. Dette har vi inga rett til å gjera. Vi kan ikkje setja oss til dommar over Gud. Det er både opprør og hovmod. Slikt vil ikkje sleppa unna Guds dom.

Guds rettferd er alltid rett, for ho er ei evig rettferd. Det er ikkje slik at denne rettferda endra seg frå tid til tid, slik nokre ønskjer å tru. Gud er alltid rettferdig. Ingenting kan endra på dette faktum. Truande og heilage menneske finn si glede i Guds trufaste rettferd. Det er ei ære for kristne å kunna setja si lit til Guds kjærleik og rettferd. Menneskeleg rettferd skiftar karakter og får ein ende. Historia viser at kva menneske reknar som rett og urett endrast frå tid til tid, frå kultur til kultur. Guds rettferd er alltid rett, han vinglar ikkje og skiftar ikkje meining. Det er trygt å godt å vita.

Gud er kjærleik og difor er lova hans sanning – verkeleg sanning, absolutt og uforanderleg. I våre dagar spør folk ofte: «Kva er sanning? Finst det sanning?» Mange vil seia at det finst inga absolutt sanning som gjeld alle menneske til alle stader og tider. Postmoderne menneske vil helst snakka om personleg sanning, ei sanning som har sitt opphav i kva det enkelte menneske føler. Det som er sant for deg treng ikkje vera sant for meg, seier dei. Når sanning slik blir relativisert blir livet veldig utrygt, stressande og kaotisk.

Guds lov er sanning! Det er ein trygg grunnvoll å byggja livet sitt på. Guds lov skaper ei trygg ramme for eit godt og harmonisk liv. Det er ikkje nok å seia at Guds lov innheld sanning. Guds ord – Bibelen – er sanning! Det er ingenting falskt eller urett ved Guds lov, for hans rettferd er alltid rett. Vi kan stola på Bibelen! Dei som lever etter Guds ord vil oppleva sanninga og velsigninga i eit godt og rettferdig liv. Dei som forkastar Guds rettferd og lov lever i ein illusjon, dei lever i ei løgn og vil ein dag vakna opp til realiteten i Guds rettferdige dom.

Comments