Kjærleiken til Guds ord skaper brennande iver
Ikkje lat fordommar mot din unge alder hemma deg!

Guds ord er reint heilt igjennom

Salme 119,140 Ditt ord er prøvd med eld, tenaren din elskar det.

Eg liker det David seier om Guds ord. Den haldninga han har er viktig for oss å få del i. Om vi har den same innstillinga vil vi bli sparte for mykje vond forvirring. David bruker reinsinga av metall i ein smeltedigel som ein metafor, som fortel oss at Guds ord slik det har vorte overlevert til oss er reint heilt igjennom. Vi kan med andre ord stola heilt og fullt på Guds ord.

Jamvel om ordet frå Guds munn har kome til oss gjennom menneske, er det likevel reint og sant. Vi kan ha full tillit til Bibelen som Guds ord. Vi har fått Den heilage skrifta overlevert til oss gjennom mange generasjonar. Heilt frå første stund har Guds hand kvilt over dei som skreiv inspirert av Anden. Heile Skrifta er innanda av Gud. Difor er både GT og NT nyttige til rettleiing og opplæring i rettferd, så vi menneske skal bli sett i stand og godt utrusta til all god gjerning.

Bibelen er Guds reine og heilage ord som er prøvd og reinsa i eld og det finst ikkje ei blanding feil, synd, urett i Guds ord. Ordet er reint heilt igjennom. Sjølve språket er reint. Ånda bak orda er rein. Påverknaden som ordet har på oss er rein og god. Herrens lov er fullkomen og styrkjer det gode i oss. Herrens vitnesbyrd er sanne og trufaste og gjer den uerfarne vis. Herrens forskrifter er rette, dei gler hjartet. Herrens bod er reint, det opplyser auga. Herrens lovbod er sanne og rettferdige alle saman og varer til evig tid. Guds ord er meir verdifullt enn gull, ja, meir enn fint gull i mengder. Guds ord er søte for sjela og medisin for kroppen. Ordet formanar og oppmuntrar oss og gjev stor lønn når vi gjer etter det.

Difor elskar eg Guds ord. Eg kan ikkje leva utan det. Eg kan leva utan brød og kaker. Eg kan leva lenge utan mat, men ikkje lenge utan vatn. Eg kan leva endå mindre utan Guds ord. Eg treng Ordet for å leva kvar dag. Eg elskar ordet som går ut frå Guds munn, for det gjev meg liv og glede og styrer føtene mine inn på rettferdsvegen.

Comments