Vi kan leva med fred i sinnet i urolige krisetider
Kjærleiken til Guds ord skaper brennande iver

Guds lovbod er rette og sanne

Salme 119,138 Du gjev dine lovbod i rettferd og i din store truskap.

Alt det Gud seier og gjer spring ut av hans herlege, gode og rettferdige vesen. Alle Guds lovbod har sitt opphav i hans kjærlege og trufaste natur. Dei vitnesbyrd som han har gjeve oss er rettferdige og trufaste heilt igjennom. Guds lovbod er rette og sanne. Dei er rettferdige og vi kan trygt leva etter dei no i tida, og dei er trufaste slik at vi kan stola på dei for framtida.

Alt Guds ord har ein innebygd autoritet, ein guddommeleg tyngde, for det kjem frå Gud sjølv. Boda ber med seg det himmelske og kongelege segl eller stempel av Guds allmakt. Gud står bak sine ord. Hans lover er innebygd i heile universet. Guds lovbod er universelle og allmenngyldige påbod med suveren autoritet, for dei kjem frå den allmektige Skapar.

Guds lovbod eller hans vitnesbyrd må forståast i vid forstand og ikkje snevrast inn til å berre gjelda visse levereglar. Alle Guds lovnader må også forståast som Guds påbod eller vitnesbyrd frå ein trufast Gud om kva han vil gjera. Alt Guds ord, lovbod, vitnesbyrd, lovnader, undervisning og rettleiing kjem til oss gjennom Skrifta med guddommeleg tyngde og makt i seg. Vi har ingen rett til å skalta og valta mellom dei. Vi kan ikkje velja kva vi vil lyda og kva vi ikkje vil lyda.

Jesus Kristus er Ordet som vart menneske. I han såg vi Guds herlegdom og hans heilage natur. Alle Guds bod og lovnader får si oppfylling i han. Difor bøyer vi oss for alt Guds ord og ber om nåde til å forstå kva det inneber for oss som er i Kristus. Guds lovbod er lik han som gav dei. Dei er rettferdige og trufaste, slik Gud er. Det er nødvendig for oss å halda fast ved dette. Gud har i si rettferd gjeve oss sitt ord til å rettleia oss og i sin store truskap gav han oss sine vitnesbyrd for å gje oss framtid og håp.

Comments