Når det tek tid før hjelpa kjem
Eg er din tenar, hjelp meg å fullføra oppdraget!

Vis miskunn!

Salme 119,124 Vis miskunn mot din tenar, lær meg dine forskrifter!

I dette verset ber David ei av dei mest vanlege bønnene vi finn i Bibelen: «Vis miskunn!» I Det nye testamentet finn vi ofte denne bønna, som også blir kalla Jesusbønna: ”Herre, Jesus Kristus, Guds Son, miskunna deg over meg!” Den blinde Bartimeus, den audmjuke tollaren og Peter bad ulike versjonar av Jesusbønna. Bibelen seier ganske mykje om å påkalla Herrens namn. Det er heilt enkelt å ropa på Jesus. Jesus, hjelp! Jesus, ver meg nådig! Jesus, miskunna deg over meg. Jesus, forbarm deg over meg! Det er faktisk nok å seia: Jesus! Det heilage namnet blir då vår bønn. Gjennom kvardagen roper vi Jesus i hjartet i inderleg tru og tillit. Denne hjartebønna hjelper oss å sjå hans andlet og å pusta inn hans fred.

Når vi påkallar Herrens namn ved å seia: “Herre, Jesus Kristus, Guds Son,” forkynner vi djupe sanningar som får dei mørke maktene til å skjelva. Desse orda er ei mektig vedkjenning av trua vår. Vi seier at Jesus er Herre, at han har all makt i himmel og på jord. Vi seier at Jesus er den levande Guds Son som har makt til å frelsa. Når vi ber om at han skal miskunna seg over oss, gjer vi det i vissa om at han elskar oss og kan hjelpa oss.

Vi ber Jesusbønna fordi vi er svake menneske som treng nåde og hjelp. Vi er skapt i Guds bilete, men er merka av synd. Vi har ved trua på Jesus vorte Guds barn, men vi er framleis menneske i kjøt og blod. Vi lever i ei spenning mellom det vi er i Kristus og det vi er i oss sjølve. Jesusbønna hjelper oss å halda balansen i livet.

David bad om miskunn for å læra Guds forskrifter. Det er lurt å følgja hans eksempel. Kvar dag når vi opnar Bibelen er det godt å be om miskunn til å høyra Guds røyst gjennom det vi les så vi kan læra å gå på hans veg. Gud er trufast og nådig og vil ikkje svikta oss. Kvar dag miskunnar han seg over oss.

Comments