Den gudfryktige sorga er eit teikn på åndeleg vekst og modnad
Guds lovbod er rette og sanne

Vi kan leva med fred i sinnet i urolige krisetider

No har vi kome til den attande bolken i denne salmen. No startar alle vera med den hebraiske bokstaven SADI som er knytt til rettferd. Denne bolken på åtte vers handlar difor naturleg nok om rett og rettferd.

צ

Salme 119,137 Du er rettferdig, Herre, dine lover er rette.

Det er ikkje ofte David bruker namnet HERRE – Jahve eller EG ER, i denne salmen, men her gjer han det. David var gudfryktig og from og ville sjølvsagt ikkje bruka Herrens namn på ein slurven og overflatisk måte. Han hadde ærefrykt for Guds heilage namn, EG ER. Når han bruker namnet i dette verset må det vera viktig for han. Det forstår vi når vi ser kva han seier om Gud: «Rettferdig er du, EG ER, rettvise er dine lover.»

Gud, den evige EG ER, er fullkomen rettferdig. Rettferd er hans gode natur. Rettvise er hans vedunderlege natur. Alt han er og gjer er alltid rett og godt. Alle hans ord og gjerningar kjem frå hans rettferdige vesen. Han kan ikkje gjera noko galt, for han er fullkomen rettferdig. Vi kan ikkje førestella oss ein urettferdig Gud, det ligg i tanken om Gud at han er rettferdig. Alt ved Gud er rett, for han er slik han er og skal vera – fullkomen.

Guds vilje er det evige rettferdsstyret, han er rettferdig og alt han gjer er rett. Han styrer heile universet med rettferd. Han har aldri gjort og vil aldri gjera urett mot sine skapningar. Alle han lover er rette. Alle han dommar er rettferdige og gode. Han er rettferdig ved å vera trufast mot sitt ord. Han held alt han lover og utfører all straff han åtvarar mot på ein rettferdig måte. Alt Guds ord er sant og ærleg meint for Gud er rettferdig. Han vaker over ordet for å setja det i verk, på «både godt og vondt».

Det gjer oss trygge i trua når vi forstår at EG ER verkeleg er rettferdig i alle ting. Vi kan stola på hans ord. Alt han gjer og seier er rett. I urolege krisetider kan vi leva med fred i hjarte og sinn og møta framtida med optimisme, når vi veit at Gud er rettferdig og at hans dommar er rette og gode.

Comments