Eg er din tenar, hjelp meg å fullføra oppdraget!
Difor elskar eg Guds bod

Tid for å gripa inn

Salme 119,126 Det er tid for å gripa inn, Herre, for dei har brote di lov (Strong 8451).

David er fortørna og indignert over kor frekke dei gudlause menneska kan vera og gjer audmjukt uttrykk for dette til Herren. Desse vonde menneska har brote Guds lov. Dette kan ikkje samanliknast med det å bryta ein trafikkregel. Det hebraiske ordet som er brukt inneber at dei har gjort lova ugyldig. Dei har sett seg over Gud og frekt annullert det han har sagt. Dei har friteke seg sjølv frå Guds lov og seier at ho ikkje gjeld dei.

Det er ein ting når veike og skrøpelege menneske fell i synd, men det er noko heilt anna når gudlause menneske syndar med vilje. Når dei bryt Guds lov seier dei: «Kven er Herren? Kven er Gud, at vi skulle frykta han?» Det hender at gudfryktige menneske syndar mot Guds lov, men vonde og gudlause menneske syndar bort Guds bod, forkastar Guds lov og lever ut sine eige lyster utan å skjemmast. Dette viser kor syndig synda er og kor vondt det kjøtelege sinnet er.

Rettferdige menneske lir i si sjel når dei ser vonde menneske frekt synda mot Guds lov. Det er vondt å sjå Guds ord blir spotta og vondskap og urett rår. Då ber vi slik David bad: «Det er tid for å gripa inn, Herre!» Det er tid for Gud for å gjera noko for å effektivt stansa dei frekke åtaka på Guds lov frå ateistar, vantruande og vonde menneske. Vi må ropa til Gud om at han må gripa inn. Vi har ikkje kamp mot menneske, men mot vonde og mørke makter som bruker menneske til sine skitne åtak på Guds lov. Gud svarer på bønn og kan gripa inn mot dei som frekt bryt hans bod og rosar andre som også gjer det.

Comments