Gud let ikkje vonde og lovlause menneske herja fritt!
Det beste vern

Sann gudsfrykt - rett balanse

Salme 119,120 Kroppen skjelv av redsle for deg, eg fryktar dine lover.

I dei to førre versa har David skrive om dommen over dei som villar seg bort frå Guds lov. Desse folka er falske og lovlause og Guds rettferdige dom vil før eller seinare råka dei. I det siste verset i denne bolken viser han oss ei rett og audmjuk haldning. Han hoverer ikkje over dei som kom under Guds dom, men han audmjuker seg. Det må vi også gjera.

Alt vi les og høyrer om Guds dom over svikefulle og lovlause menneske, bør få oss til å skjelva av redsle og age for Den heilage. Kven kan bli ståande for den heilage Guds andlet? (1 Sam 6,20) Det er alltid ein god ting å ransaka og audmjuka seg sjølv i staden for å retta peikefingeren mot andre. Om vi står, må vi sjå til at vi ikkje fell. Når vi har kome til tru på Jesus Kristus, har vendt om og lever rett, vil rett Gudsfrykt halda oss audmjuke. Det er berre på grunn av Guds nåde at vi har funne frelse ved trua på Jesus Kristus.

Sann Gudsfrykt er ei balanse av frykt for den heilage Gud og tru og håp på hans nåde og miskunn. Vi frykter konsekvensane av å bryta Guds lover og vi set vår lit til hans nådige tilgjeving. Vi er redd for å falla i den levande Guds vreide, og vi gler oss over hans nåde som ber oss og vernar oss. Vi kan skjelva av redsle for den Gud som dømmer, men samstundes kunna jubla over hans frelse på grunn av hans miskunn og trufaste kjærleik. Av nåde er vi frelste ved tru.

Comments