Har du nokon som går god for deg?
Vis miskunn!

Når det tek tid før hjelpa kjem

Salme 119,123. Auga sloknar, eg ventar på di frelse og på ditt rettferdige ord.

Mange har hatt den same opplevinga som David. Han venta på hjelp frå Gud, men det tok tid før hjelpa kom. Han vende auga sine til Herren i ivrig venting. Han venta på svar på bønne sine. Han venta på utfriing frå fiendane sine. Han såg etter Gud, men vart trøytt i auga for han såg inga hjelp.

Det hender av og til at vi blir så trøytte at vi ikkje greier halda auga vakne. Dei sloknar og vi held på å gje opp. Det er ikkje lett å forstå kvifor Gud ikkje grip inn og hjelper oss når mørkret held på å overmanna oss. Har Gud vorte døv? Har han vendt ryggen til oss? Har han lukka auga slik at han ikkje ser vår naud? Kvifor grip du ikkje inn, Gud?

Auga våre kan slokna og svikta, men Gud sviktar aldri. Vi kan verta trøytte og utmatta, men Gud har all makt i himmel og på jord. Vi kan vera utan krefter til å kjempa mot dei vonde maktene, men Guds frelse er viss. Tida for Guds inngrep er uviss og ofte tek vi feil om tida. Ofte føler vi at Gud er lovleg seint ute. Det kan vera vanskeleg å forstå at hjelpa ikkje kjem når vi føler vi treng ho mest.

Om auga sloknar og kreftene våre minkar, vil vi likevel venta på Guds frelse. Vi ventar på at Guds rettferdige ord skal oppfyllast. Vi kan lyfta våre auge til dei mektige fjella, men det er ikkje der vi finn vår hjelp. Vi veit at hjelpa vår berre kjem frå Herren. Himmel og jord kan forgå, men ikkje eit einaste ord frå Gud skal forgå. Guds ord står fast. Gud vaker over ordet sitt for å setja det i verk. Sjølv når det tek urimeleg lang tid og alt menneskeleg håp er ute, vil vi likevel venta på Guds frelse og hans rettferdige ord. Ingen som set si lit til Herren kjem til skamme.

Comments