Kven opnar Ordet seg for?
Det kristenlivet handlar om

Kysset frå Gud i Ordet

Salme 119,131 Med lengsel opnar eg munnen, for eg stundar etter dine bod.

I dette verset utrykkjer David sin djupe lengt etter eit møte med Gud i Ordet. Det er den same lengselen brura ber fram når ho seier: «Å, om han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Kjærleiken din er betre enn vin!» I skaparforteljinga får vi høyra at det var Skaparens kyss som skapte åndeleg liv i mennesket. Det er det heilage kysset av Ordet frå Guds munn som oppkvikkar oss og held oss i live.

Kjærleikskysset frå Gud gjer at vi kan forstå hans ord. Når vi har opplevd hans milde kjærleik vil nådelyset skina gjennom heile Lova, alle boda og alt vi les i Bibelen. Når vi har fått dette kysset frå Brudgommens munn, kan vi begynna å sjå meining i det skjulte, nøsta opp det flokete, opna det stengde og tolka likningar og ordtak. Når Anden opnar Ordet for oss, får vi smaka Guds ords eige kyss og det fornyar kjærleiken til han i vårt indre.

Med lengsel opnar David munnen og stundar etter kysset frå Gud i Ordet. Dette kjærlege møtet med Gud i Ordet opplyser sinnet vårt og fyller hjartet med djup og inderleg glede. Når Gud gjennom Ordet seier kor høgt han elskar oss og vi får oppleva den frigjerande krafta i kjærleiken hans, då blir det som er uforståeleg og skjult, klart for oss. Det vanskelege er ikkje lenger vanskeleg når vi møter Guds kjærleik.

Å, kor eg lengtar etter dette heilage kysset frå Guds munn i Ordet. Eg opnar sinn, hjarte og munn når eg opnar Bibelen, for eg gjer meg klar til å møta Guds kjærleik. Eg kjem til Ordet for å ha eit nært og intimt møte med min himmelske brudgom. Orda frå hans munn er søte som honning, kjærleiken hans er betre enn vin. Faktisk er det slik at denne lengselen er eit sikkert teikn på at vi har fått kyss av Guds ord. Difor vil vi ha meir av Han, for ingen andre kan tilfredstilla vår sjel.

Comments