Difor rettar eg meg etter Guds bod
Kven opnar Ordet seg for?

Kvifor ta vare på Guds lovbod?

No startar ein ny bolk, den syttande i sitt slag i denne salmen. Alle versa startar no med den hebraiske bokstaven PE, men med ulike ord. Denne bolken er perfekt, poetisk, praktfull, praktisk, prektig og profitabel.

Salme 119,129 Underfulle er dine lovbod (vitnesbyrd) (Strong 5715), difor tek eg vare på dei.

Guds vitnesbyrd er hans lovbod som vitnar om kva som er rett og godt. Dei er underfulle i si enkle majestetiske form og skaper ærefrykt i menneskehjartet, for Gud taler gjennom dei. Dei er underfulle på grunn av dei djupe openberringane dei let oss få del i. Guds vitnesbyrd let oss få innsikt guddommelege løyndommar som hjelper oss å forstå skaparverket og menneskelivet, syndefallet og Guds frelseplan.

Guds lovbod er underfulle fordi dei er rettferdige og fullkomne. Dei ti boda, som alle blir oppfylt i kjærleiksbodet, viser oss dei pliktene som av naturen kviler på alle menneske, og er skrive inn i menneskehjartet. Guds lovbod er underfulle i harmoni og innhald. Summen av Guds ord er sanning. Alt heng saman på underfullt vis og til ære for Gud og til gagn for menneske. Guds lovbod er underfulle for dei er fulle av kraft. Det er ei frigjerande kraft i Guds ord og alle hans bod (1 Tess 1,5). Guds vitnesbyrd er meir enn gode bod og reglar, dei er ord som går ut av Guds munn med kraft til å leva rettferdige liv. Menneske lever ikkje av berre brød, men av kvart ord frå Guds munn som gjev oss nåde og kraft til elska både Gud og menneske.

Når vi har sett og opplevd kor underfullt Guds ord er, vil vi ta vare på det som vår dyraste skatt. Eg takkar Gud for at Ordet er planta i hjartet vårt og har kraft til å frelsa sjelene våre. Eg vil gjera alt eg kan for å ta vare på Guds lovbod og leva etter dei. Eg har oppdaga at dei fører til eit godt liv for meg og er til velsigning for mine medmenneske.

Comments