Kvifor ta vare på Guds lovbod?
Kysset frå Gud i Ordet

Kven opnar Ordet seg for?

Salme 119,130 Dine ord gjev lys når dei opnar seg, dei gjev uvitande skjøn.

I dette verset skildrar David ein av dei viktigaste verknadene til Guds ord. Det skaper lys i hjarte og sinn. Ordet frå Gud gjev oss innsikt og forståing og hjelper oss på vår vandring gjennom dette livet. Slik Gud sa, bli lys og det vart lys, då han skapte himmel og jord då kaos og mørke rådde, slik skaper eit ord frå Gud lys i vårt mørke og driv fortviling og mørke motlause tankar bort frå vårt hjarte. Når vi les Bibelen gjer Anden ordet levande for oss og set mot i oss til å gå på Guds veg. Setninga, når dine ord opnar seg, viser oss at vi er heilt avhengige av Guds nådefulle Ande, som har innånda heile Bibelen, for å sjå lys i hans lys. Utan Anden er Bibelen ei lukka bok. Eg veit ingenting herlegare enn å oppleva at Ordet opnar seg for meg når sit med ein open Bibel i Guds værvær.

Somme forstår opninga av Guds ord, eller inngangen til Guds ord som påminning om dei første kapitla i Bibelen som gjev oss innsikt i Guds skaparplan, og Det nye testamentet som opnar Det gamle testamentet og gjev oss innsikt i Guds frelseplan. Som åndelege småbarn lengtar vi etter Ordet si uforfalska mjølk, for det får oss til å veksa. Som modne kristne kan vi forklara og rettleia kvarandre til å forstå djupe sanningar og overraskande løyndommar i Guds ord (Neh 8,8; Rom 15,14).

Når Ordet opnar seg gjev det dei uvitande skjøn – innsikt og forståing. «Dei uvitande» blir i andre Biblar omsett med: dei einfaldige, dei sant ærlege, dei med opne hjarte, vanlege folk, dei urøynde eller dei enkle. Dei er berre uvitande i den forstand at dei ikkje er modne og grunnfesta i Guds ord, og dei veit at dei treng undervisning. Jesus sa at dei fattige i ånda var velsigna, for dei skulle få del i Guds rike. Det er når vi innser at vi ikkje veit alt eller har alle svara at Gud kan opna Ordet for oss. Han mettar dei svoltne, men sender dei rike og sjølvsikre frå seg. Når vi er ærlege, har eit ope hjarte og ønskjer å læra Gud meir å kjenna, då vil Guds ord opna seg for oss og gje oss lys og innsikt.

Comments