Det beste vern
Når det tek tid før hjelpa kjem

Har du nokon som går god for deg?

Salme 119, 122 Gå god for din tenar så det går han vel. Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!

David har kome med ei frimodig utsegn: Eg har gjort det som er rett og rettferdig. No innser han at hans eiga vitnemål om seg sjølv ikkje har nok tyngde. Han treng ein talsmann. Han ber om at Gud må gå god for han så det kan gå han vel. David ber eigentleg om at Gud må vera for han det Jesus Kristus er for alle som trur: ein garantist for den nye pakta (Hebr 7,22) som har makt til å fullkome frelsa dei som kjem til Gud ved han, ettersom han han alltid lever for å gå i forbønn for dei (Hebr 7,25).

Apostelen Johannes skriv til dei kristne for at dei ikkje skal synda, men legg til at om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Far, Jesus Kristus, Den rettferdige. Det er fantastisk å vita at vi har ein som talar vår sak, at vi har ein som går god for oss. Det kan han gjera fordi han er Den rettferdige som sjølv er soninga for syndene våre (1 Joh 2,1-2).

David hadde mange menneskelege fiendar som prøvde på mange slags måtar å undertrykkja han med frekke klagemål og listige knep. Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod. Vi har kamp mot mørke makter, mot vondskapens åndehær i himmelrommet (Ef 6,12). Djevelen er vår motstander og anklagar. Dag og natt kjem han med klagemål mot oss som er Guds folk. Han er ein meister i å finna feil ved oss. Han er ein spesialist i å få oss til å føla oss fordømd og forkasta fordi vi innser at vi kjem til kort.

Når det skjer er det viktig å minna oss sjølv på at vi har ein talsmann som går god for oss. På grunn av Jesu Kristi forsonande død og oppstode treng vi ikkje lenger lever under fordømming. Synda er sona. Gjelda er betalt. Vi er sett fri, for Jesus tok vår plass. No er det inga fordømming for oss som er i Jesus Kristus (Rom 8,1). Jesus går god for oss og vi treng ikkje vera undertrykt av fordømming!

Comments