Gud vrakar falske folk
Sann gudsfrykt - rett balanse

Gud let ikkje vonde og lovlause menneske herja fritt!

Salme 119,119 Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg, difor elskar eg dine lovbod.

Dei lovlause er vonde menneske utan eit moralsk kompass. Dei er folk som berre tenkjer på seg sjølve og det som kan tena deira interesser. Eiga vinning og nyting står i høgsetet. Difor blir dei kalla lovlause. Dei forkastar Guds lov og ser ikkje ut til å ha samvitskvalar for nokon ting. Dei bryr seg ikkje om moral og etikk. Slike folk er som slagg. Sjølv om slagget er blanda med det gode metallet i åra gruva og kan sjå ut som godt metall, må det skiljast frå det reine metallet.

Det kjem ein dag då dei vonde og lovlause skal skiljast frå dei gode og rettferdige (Matt 13,47). Dei ugudelege kan ikkje bli ståande i dommen og heller ikkje syndarar i forsamlinga av dei rettferdige (Sal 1,5). Den evige elden ventar dei, for det er der slagget høyrer til. Bibelen er veldig klar på at den store dommedagen kjem. Då skal alle menneske gjera rekneskap for livet sitt framfor den heilage Gud.

Sjølvsagt er det også slik at lovlause menneske blir skild ut og fjerna her i dette livet. Styresmaktene er innsett av Gud til å straffa dei som gjer urett (Rom 13). Domstolane dømmer med rettferd og lovbrytarar blir sett i fengsel og samfunnet skjerma mot deira vondskap (Ord 25,4-5). Guds forsamling er også sett til å skilja ut dei lovlause, eller helst å føra dei til omvending og nytt liv.

Guds rettferdige dom over vondskap og lovløyse er ein viktig grunn til glede. Tenk om Gud ikkje hadde dømd synd og urett? Korleis hadde samfunnet vore utan styresmakter og domstolar? Der lovløyse rår er det mykje liding, særleg mellom dei fattige og svake. Takk Gud for at han dømmer synd og urett. Takk Gud for styresmakter som skaper fred og orden ved å dømma dei som gjer vondt. Takk Gud at han ikkje let vonde og lovlause menneske herja fritt!

Comments