Den nye boka mi
Den største lukka i livet

Fri meg frå undertrykking

Salme 119,134 Fri meg frå dei som bruker vald, så vil eg halda dine påbod (6490)!

David veit kva han ber om når han ber Gud om å fria han frå menneske som bruker vald og undertrykking. Slike folk har ofte plaga han. Han visste kva det ville seia å møta vald og undertrykking. Desse vonde menneska hadde fordrive han frå hans eige land og frå Herrens heilagdom. Difor ber han at Herren skal løysa han ut. Vald og undertrykking avlar meir av same slag.

Undertrykking kan få fram det verste i folk og mange vise menneske har vorte blinda av hat og rettferdige folk har synda i opprør mot undertrykkinga. Det er mellom anna dette Davis vill unngå. Det ser vi av den siste setninga i dette verset: så eg kan halda dine påbod. Han ber eigentleg ikkje om å sleppa motgang og forfølging. Han ber om å bli løyst frå den undertrykkinga som hindrar han i å lyda Guds bod.

Jesus lærde oss å be: Lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. Det er eigentleg den bønna David bad, og det er ei bønn vi dagleg treng å be. Å koma i freisting kan liknast med å bli utsett for åndeleg vald der tankar, kjensler og lyster hamrar laus på vår ånd for å få oss til å gjera det som strir mot Guds vilje. Freisting er å bli dregen og lokka av våre eigne lyster. Vi veit at dette er syndige lyster som prøver å ta makta over oss og undertrykkja oss, men vi treng Guds hjelp til å bli frie til å gjera hans vilje.

David hadde eit overordna ønske om å halda alle Guds påbod. Dette må vi også ha. Ønsket, om å halda fast på Guds ord og å leva etter hans bod, bør motivera oss til bønn. Det er mange krefter som vil pressa oss til å gå på kompromiss med vårt eige samvit og det vi veit er rett, for å få oss til å tilpassa oss dei politisk korrekte normene i samfunnet. Når vi opplever dette presset, er det godt å be om at Herren skal løysa oss ut og fria oss frå undertrykking frå menneske.

Comments