Det kristenlivet handlar om
Den nye boka mi

Ein trygg relasjon

Salme 119,133 Gjer mine steg faste slik du har sagt, lat ingen urett få makt over meg!

Når David ber at Gud skal gjera stega hans faste slik han har sagt, ber han om å bli grunnfesta i den inderlege relasjonen han har til Herren. Han ønskjer ikkje å vingla att og fram, eller svinga frå åndelege høgder til djupe avgrunnar. Han ber om nåde til å leva i ein vedvarande og konstant nær relasjon til Gud. Det er dette Gud ønskjer for oss alle: At vi skal kjenna han og alltid kunna gleda oss over Guds frelsande kjærleik. Dette livet er tilgjengeleg for oss alle i trua på Jesus Kristus. Vi må berre ikkje la oss bli styrte av våre menneskelege tankar eller kjensler. Det vi føler på er svært upåliteleg og skiftande. Kjenslene våre vinglar og svingar opp og ned og vi kan ikkje byggja livet vårt på dei.

I mange andre bibelutgåver er bønna til David forma slik: Før meg, lei meg ved ditt ord. Då forstår vi at det er berre når vi er styrt av Guds ord at våre steg er faste og vi går trygt. Når vi let Ordet leia oss oppdagar vi at Guds nærvær og kjærleik er konstant, uansett kva vi føler. Om Ordet fører oss er vi trygge i Guds nåde som alltid er nok for oss. Herren er vår hyrde og han fører oss til kvile. Han fornyar og forfriskar oss i evige sanningar om at vi er rettferdige for han på grunn av berre nåde. Vi treng ikkje gjera noko, eller rettare sagt, vi kan ikkje gjera noko til eller frå. Frelsesverket er fullført av berre nåde, vi skal berre ta imot i tru. Å, for ei velsigning å vera trygg i nåden og å vera grunnfesta i Guds evige kjærleik.

Då ber vi om at inga urett skal få makt over oss. Nåden oppdrar oss til å fornekta verdslege lyster og til å leva edrueleg, rettferdig og gudfryktig. Nåden lærer oss å seia nei til alt som er urett, vondt, syndig og skammeleg etter Guds ord. Og den fantastiske sanninga er at om vi fell i synd og gjer det som er galt, treng vi ikkje la uretten få makta over oss. Vi kan la oss styra av Ordet som forkynner nåde for alle syndarar som vender om og set si lit til Jesus Kristus. Der synda er stor er nåden større. Vi vil ikkje gjera den store urett det er å tvila på Guds frelsande nåde i Jesus Kristus.

Comments