Vis miskunn!
Tid for å gripa inn

Eg er din tenar, hjelp meg å fullføra oppdraget!

Salme 119, 125 Eg er din tenar, gjev meg skjøn så eg kan kjenna dine lovbod!

Det er interessant å leggja merke til korleis David bruker sin relasjon til Gud når han ber. Eg er din tenar, seier han for å grunngje bønna si. Her har vi noko viktig å læra. Når vi ber må vi sjølvsagt vera medvitne om kven vi ber til, vår Far, Den Allmektige og liknande, men det er også viktig å vita kven vi er og kva relasjon vi står i til Gud når vi ber. Vi kan koma som Guds barn fram for den allmektige og kjærlege Far. Vi kan koma som syndarar som tiggar om nåde. Vi kjem fram for Gud med alt som det inneber å vera menneske skapt i Guds bilete.

Eller vi kan koma fram for Gud som hans tenarar, slik David gjorde. Då seier vi i røynda: «Vi er dine tenarar, vi har eit oppdrag å fullføra for deg, hjelp oss å gjera det du har kalla oss til. Gje oss nåde til å fullføra oppdraget på ein god måte til di ære!» Som Guds tenarar kan vi venta at Herren vår vil hjelpa oss og læra oss å fullføra kallet. Det skulle vera i Guds interesse å hjelpa oss til å tena han til hans ære.

Difor ber vi om innsikt og forståing i Guds lovbod. Vi veit at vi berre kan fullføra oppdraget vårt om vi lever og tener Gud i samsvar med hans ord. Guds ord er den trygge rettesnora for livet og tenesta vår. Vi er dårlege tenarar om vi vik frå Guds lovbod og gjer noko anna enn det Herren har bedt oss om å gjera. Som Guds tenarar har vi berre ein ambisjon, nemleg å fullføra det oppdraget han har gjeve oss til hans ære.

Det er denne ambisjonen som gjer at vi ber om nåde og hjelp. Det er det inderlege ønsket djupt i hjarte om å kunna æra Gud gjennom det vi gjer som driv oss til å be om innsikt og forståing. Vi ber om å bli fylte med kunnskap om hans vilje i all visdom og åndeleg forstand, så vi kan vandra verdig for Herren og fullt ut vera til glede og ære for han, ved at vi ber frukt i all god gjerning og lærer Gud meir å kjenna gjennom hans lovbod.

Comments