Tid for å gripa inn
Difor rettar eg meg etter Guds bod

Difor elskar eg Guds bod

Salme 119,127 Difor elskar eg dine bod meir enn gull, ja, skinande gull.

I denne salmen seier David mange gonger kor høgt han verdset Guds ord og lov. Han elska Guds ord og gjorde alt han kunne for å halda boda frå Gud. Når han i dette verset seier, difor elskar eg dine bod, kan det verka som om det viser tilbake til dei gudlause menneska som forkastar Guds lov for å leva ut sine eigne lyster. Han vil på ingen måte rosa dei for det livet dei lever. Det motsette er heller tilfelle. Når han ser vondskapen i det syndige livet, gjer dette han endå ein grunn til å setja Guds bod høgt. Boda vernar om livet og skaper rettferd og trygge kår for alle menneske. Difor elskar eg dine bod, fordi alternativet, det syndige livet som kan gje ei kortvarig personleg nyting, på sikt fører til urett og utnytting av andre menneske.

Eg elskar dine bod meir enn gull, seier han, og legg til, ja, meir enn skinande gull! Han elska med andre ord Bibelen, som er Guds ord, meir enn pengar og rikdom. Gull er jo sett på som det mest verdifulle metallet og er svært ettertrakta. Det har vore tider gullfeber opp gjennom åra. Mange menneske har prøvd å finna lukke og rikdom ved å leita etter gull. Det er ikkje mange andre ting som får menneskeauga til å stråla som det skinande gullet. Gullfeberen har forderva moralen til mange menneske som har gjort urett for å få tak i gull.

David hadde funne ut at Guds ord var meir verdt å elska enn skinande gull. Guds ord gjev oss del i dei verkelege verdiane, dei som ikkje rustar eller kan stelast frå oss. Når vi gøymer Guds ord i hjartet har vi ein dyrebar skatt som ingen kan ta frå oss. Guds ord kan gjera mykje meir for oss enn alt gull i heile verda. Bibelen er vår dyraste og kjæraste arv. Det er større rikdom i å ha Guds ord enn å ha pengar og skinande gull. Difor elskar vi Guds ord, for det lærar oss å leva i vennskap med Gud.

Comments