Kysset frå Gud i Ordet
Ein trygg relasjon

Det kristenlivet handlar om

Salme 119,132 Vend deg til meg og ver meg nådig! Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.

Sjå på meg! Lat ditt nådefulle blikk møta mitt! Vend hjartet ditt til meg og vis meg nåde, slik du pleier å gjera mot dei som elskar namnet ditt! Desse orda frå David røper at han er van med å leva i det være samfunnet med Gud, sin Far. Den som har smakt og kjend at Gud er god og kan ikkje få nok av det intime fellesskapet med sin frelsar og Herre.

Gudfryktige menneske kan ikkje leva lenge utan bønnefellesskap med sin Gud. Difor er denne enkle bønna til David så kraftfull. Sjå på meg! Vend andletet ditt mot meg. Lat meg få leva i ditt smil. Lat meg få kjenna at eg har funne nåde hos deg. Det er ein djup lengsel i denne enkle bønna: Sjå på meg og ver meg nådig! Det er også ei trygg tru som ber på denne måten. Det kjem tydeleg fram i den neste setninga.

I trygg vissa seier han at det er rett av Gud å sjå med kjærlege auge på dei som elskar namnet hans. Når vi ber om å få møta Guds kjærlege blikk og varme nådesmil, kan vi gjera det med trygg visse i trua. Vi veit at det er slik Gud pleier møta dei som elskar han og ber om nåde. Vi veit at Gud elskar å møta dei som vender seg til han og ber om nåde.

Det er dette heile kristenlivet handlar om: Å venda seg til Gud å be om nåde, for å kunna møta Guds nådefulle smil og leva kvardagslivet andlet til andlet med Den Heilage, han som vår sjel elskar. På grunn av Jesu Kristi død og oppstode har vi frimod til å koma fram for Guds nådetrone. Vi er reinsa i Jesu blod og kan stå framfor Den Heilage, andlet til andlet, utan kjensle av mindreverd, skuld eller fordømming, for vi har fått del i Jesu Kristi rettferd. Rein og rettferdig, himmelen verdig i Jesus Kristus, ber vi audmjukt om å få leva i Guds smil, i vissa om at Gud høyrer vår bønn og elskar å møta oss med nåde.

Comments