Sann gudsfrykt - rett balanse
Har du nokon som går god for deg?

Det beste vern

Salme 119,121 Eg har gjort det som er rett og rettferdig. Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!

No startar ein ny bolk og dei neste åtte versa startar med den hebraiske bokstaven Ajin. Denne bolken handlar om å trufast følgja Herrens vegar.

David kjem med ein frimodig påstand når har ber Herren om hjelp mot fiendane sine. Han seier at han ikkje har gjort noko galt. Med godt samvit sa ha: Eg har gjort det som er rett og rettferdig. Dette handlar sjølvsagt om hans kongegjerning som høgaste dommar i tvistar. Han hadde gjort alt han kunne for å syta for at alle fekk rettferdige dommar Guds lov. Han hadde ikkje brukt si makt som konge til å forvrengja retten for folk, men hadde heller verna om retten deira. Som konge sørga David for rett og rettferd for heile folket sitt (2 Sam 8,15).

Før han vart konge var han også kjenneteikna av å vera ærleg og rettferdig i si framferd. Då kong Saul med urette forfølgde han, kunne han seia: Eg har ikkje vondt eller svik i sinne og eg har ikkje forbrote meg mot deg (1 Sam 24,12). Difor heldt Herren si vernande hand over han og Saul greidde ikkje å fanga eller skada han. Å vera ærleg og gå rett og rettferdig fram er det beste vern mot dei som vil skada oss. Eit hjarte utan vonde tankar og svik er det beste vern mot å falla i hendene på vonde menneske.

Det er med godt samvit David ber at Gud ikkje må overlata han til undertrykkjarane. Slik Herren fridde David ut frå alle som ville han vondt, slik vil Herren også fri oss ut frå alle fiendar. Når hjartet er reint og samvitet er godt fordi vi har gjort det som rett og rettferdig, kan ikkje den vonde røra oss. Gud er vårt skjold og vern og han vil ikkje gje oss i hendene på vonde undertrykkjarar. Det er trygt og godt å vita.

Comments