Fri meg frå undertrykking
Den gudfryktige sorga er eit teikn på åndeleg vekst og modnad

Den største lukka i livet

Salme 119,135 Lat ditt andlet lysa over din tenar, lær meg dine forskrifter!

David er konge, men ser seg sjølv først og fremst som Guds tenar. Det å vera tenar er identiteten hans. Dette kjem fram i så godt som alle bønnene han ber. Det er alltid eit godt utgangspunkt når vi ber. Vi kjem fram for Gud som hans barn og som hans tenarar. Vi veit kven vi er og kor vi høyrer til. Vi er ein del av Guds familie. Vi er borgarar i hans rike, og vi er tenarar for hans plan i vår levetid.

Difor freser undertrykkjarane og gjer grimasar mot oss for å skremma oss, men Gud let sitt lysande smil kvila over oss. Guds strålande andlet over oss vil vi absolutt ikkje mista. Fienden prøver å formørkja livet vårt, men når Herrens andlet lyser over oss då blir alt lyst og lett. Det er dette denne bønna til David uttrykkjer. Han ser seg sjølv som Guds tenar, slik vi også bør gjera. Då søkjer vi ikkje velvilje frå menneske, men berre frå Gud, vår Herre og Frelsar. Det beste vi kan oppleva i livet er at Guds andlet lyser over oss. Å leva i Guds nåde er å leva i Guds smil. Då ser den heilage Gud på oss med glede og vi møter hans strålande og kjærlege blikk andlet til andlet.

Det daglege møtet med Herren, andlet til andlet, inneber at han lærer oss sine forskrifter. Vi møter Gud i Ordet. Det er der Herren openberrar seg for oss. Når evangeliet når inn til vår forpinte sjel, som er undertrykt av djevelens fordømmande løgner, då strøymer lyset frå Guds nådige smil mot oss. Den største lukke i livet er når Gud i sin nåde opnar forskriftene sine for oss på ein slik måte at evangeliet set oss fri. Når Gud lærer oss sin veg må mørkret vika og vi kan trygt gå vidare i hans gode lys.

Comments