Den største lukka i livet
Vi kan leva med fred i sinnet i urolige krisetider

Den gudfryktige sorga er eit teikn på åndeleg vekst og modnad

Salme 119,136 Tårene strøymer frå auga mine på grunn av dei som ikkje held di lov (Strong 8451).

David set i dette verset ord på den sorg og smerte som gudfryktige folk føler når dei ser folk synda og vanæra Gud. Dette kan vera ei djup sorg som får tårene til å strøyma, slik David opplevde det, eller det kan vera ei vond smerte i vår sjel som gjer at alt knyter seg inni oss. Når hjartet er reint, midt og mjukt er det ofte tårer i auga. Vår Herre Jesus Kristus var ein mann av smerte, kjend med liding. Han gråt over Jerusalem som ikkje kjende si gjestingstid, som ikkje forstod kva som tente til hennar fred og som ikkje ville følgja Guds ord. Han gråt av medkjensle med folket for han visste at dommen kom til å råka dei fordi dei avviste Guds frelse. Herren finn inga glede i at menneske går fortapt, det smertar han djupt at folk vel å gå på den vegen som fører til fortaping.

Som gode kristne menneske lir og pinest vi i vår rettferdige sjel når vi ser lovløyse og høyrer om synd og urett. I heilag sorg gret vi salte tårer i sympati med Gud som blir spotta og vanæra av uretten. Det er vondt å sjå at Guds lov blir forakta og broten. Det er forferdeleg når Guds heilage namn blir vanæra og spotta av lovlause menneske. Tårene strøymde frå David sine auge i strie straumar då han såg at folk ikkje heldt Guds lov. Jamvel om dei fysiske auga kan vera tørre, kan vi likevel gråta slik at tårene flyt frå vårt indre.

Den gudfryktige sorga er eit teikn på åndeleg vekst og modnad. Då vi levde bort frå Gud fann vi nyting i syndige lyster, men når vi har vendt om og vandra med Herren ei stund, blir det syndige livet ein styggedom for oss. Modne kristne kan oppleva stor sorg når andre menneske syndar mot Gud. Når vi er kjenner Gud og hans heilage lov, vil vi kjenna djup sorg og smerte i vårt indre når vi ser folk gjera urett mot Gud og andre menneske. Vi kan kjenna sorg både på vegne av Gud som blir vanæra og menneske som lir under uretten.

Det beste vi då kan gjera er å la tårene renna og ausa ut vår sorg for Herren.

Comments