Kva gjer vi når vi er djupt såra?
Med livet i hendene

Ta imot gåva frå min munn

Salme 119,108 Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover!

David lærer oss å be om to viktige ting i dette verset. For det første ber han om at Herren må ta imot det offeret han ber fram med munnen sin. Han var jo ikkje prest og kunne difor ikkje bera fram offer i templet. Det kan heldigvis ikkje vi heller gjera. Vi har ikkje eit tempel bygd av menneskehender.

Gud har både gjort oss til levande steinar i sitt åndelege tempel og til eit kongeleg presteskap. Vi har fått det privilegium å kunna gjera teneste for Guds andlet. Vi kan bera fram åndelege offer som er til glede for Gud. Det er det denne første bønna handlar om: at det vi ber fram for Gud må vera til glede for han.

Paulus seier at vår åndelege gudsteneste er å bera fram kroppane våre som eit levande offer for Gud. Det er å leva i dagleg fornying av sinnet vårt og stadig oppdaga kva som er Guds gode vilje for å kunna gje Gud det han ønskjer frå oss.

Hebrearbrevet snakkar om å bera fram for Gud vår lovprising som offer. Det vil seia frukt av lepper som vedkjenner hans namn. Takkseiing, lovsong og tilbeding er offer vi kan bera fram for Gud. Når vi ber dette fram, ligg det alltid ei bønn under: Herre, ta imot gåva frå vår munn.

Det andre David lærer oss å be om, er at Gud må læra oss sine lover. Det er gjennom Ordet han viser oss kva han vil vi skal gjera og korleis vi kan leva til glede for han. Når han tek imot vår takkseiing, minner han oss på at han ønskjer meir enn ord. Vi må ikkje gløyma å gjera godt og å dela med andre. Vi må med andre ord leva fellesskap om våre åndelege offer skal vera til glede for Gud.

Comments