Hald meg oppe!
Gud vrakar falske folk

Støtt meg og gjer meg trygg

Salme 119,117 Støtt meg så eg blir berga og alltid har dine forskrifter for auge.

Når eg les denne bønna ser eg for meg eit barn som ber faren sin om støtte. Det er som om David seier, om du ikkje støttar meg og bergar meg, vil eg falla og skada meg. Han innser at han ikkje har den styrke og visdom han treng til å balansera og gå støtt gjennom dei mange utfordringane han møter i livet.

Vi går gjennom mange ulike fasar i livet. Vi møter stadig nye utfordringar og må ta steg inn i det ukjende. I vår vandring med Gud kjem vi stadig til nye terreng, nye område der vi ikkje har vore før. Vi er læresveinar heile livet og blir på ein måte aldri utlærde. Difor treng vi alltid Fars trygge hand å halda i. I dei ulike vanskane vi møter og når vi må velja kva vi skal gjera i den aktuelle stoda, er det godt å be: «Støtt meg! Berg meg! Gjer meg trygg!» Vår himmelske Far er aldri langt borte. Han er alltid med oss og nær oss for å støtta og hjelpa. Når han støttar oss med si sterke og mjuke hand er vi trygge.

Det er godt å vita at vi alltid kan be til vår himmelske Far og få nåde og hjelp til rette tid. Han sviktar aldri, men bergar oss alltid når vi er i fare. Vår himmelske Far følgjer med og held si hand over oss. Han reiser oss opp når vi fell og gleder seg over kvart einaste vaklande steg vi tek på hans veg. Vi ber ikkje berre om hjelp når vi har falt, men vi ber om støtte som gjer oss trygge og hjelper oss å vera styrt av Guds ord. Det er vår bønn at den støtte han gjev oss gjennom livet skal føra til at vi alltid har hans forskrifter for auge. Når vi veks i nåde og kjennskap til vår Herre og Frelsar og held oss til Guds ord, vil vi lettare kunna ta gode og rette val. Med auga festa på Guds forskrifter, som vi finn i Bibelen, vil vi veksa i nåde til å velja rett og gjera det gode.

«Støtt meg og gjer meg trygg. Gje meg styrke kvar dag til å i lyset frå ditt ord!»

Comments