Farleg spindelvev
Å bøya hjartet

Min største rikdom

Salme 119,111 Dine lovbod (Strong 5715) er min eigedom for alltid, dei gleder mitt hjarte.

Det er ei glede å kunna gjera desse ord av David til mine eigne. Guds ord er min største rikdom. Vi syng i ei norsk salme at Guds ord, det er vårt arvegods, det er vår rikaste skatt. Eg kan ikkje bruka sterke nok ord for å seia kor takksam eg er for å ha Bibelen, som er Guds ord, på mitt eige språk. Eg takkar far og mor som gav meg del i den dyre arven i Guds ord. Eg takkar søndagsskulelærarar og leiarar i yngres og ungdomslag fordi dei formidla tillit til Bibelen. Guds ord har vorte min kjæraste og dyraste rikdom. Guds lovbod er min eigedom for alltid. Dei er ikkje berre skrivne ned i ei bok, men ved Anden har dei vorte skrivne inn i sjølve hjartet mitt. Difor er dei min største rikdom.

Nøkkelen til eit rikt kristenliv er å læra å høyra Guds røyst gjennom orda i Bibelen. Kvar gong Gud taler til meg får eg ny rikdom frå Guds skattekiste. Orda hans fyller livet mitt med glede. Profeten Jeremia hadde den same opplevinga. Han sa at han fann Guds ord og åt det. Då vart ordet frå Gud til fryd for han og til stor glede for hjartet hans. Eg har hatt den same opplevinga mange gonger, og det takkar eg Gud for. Guds ord gjer livet mitt uendeleg rikt.

Guds ord er mi eigedom og min arv for alltid. Der har trua sitt trygge ankerfeste. Der har eg min gode heim for alltid. Guds ord held i liv og død. Det sviktar alltid. Våre jordiske eigedommar og kjære ting vi har arva frå foreldra våre går til grunne. Ingenting av dette kan vi ta med oss når vi døyr. Guds ord vil til og med bera oss gjennom døden. Guds ord er vårt. Evige arvegods og største rikdom.

Comments