Å bøya hjartet
Det beste vernet mot mismot

Medisin mot tvilstankar

No startar ein ny bolk. Alle dei neste 8 versa tek til med den hebraiske bokstaven samek. Denne bolken handlar mykje om tillit og lydnad. David snakkar om tankar, ting og personar som står for det motsette av Guds heilage tankar og vegar. Det er tydeleg at han kjempar mot mørke makter, men han står fast og har full tillit til Guds ord.

Salme 119, 113 Eg hatar dei som har eit delt hjarte, men eg elskar di lov (Strong 8451).

David elskar Guds lov som er den faste berggrunnen han byggjer heile livet sitt på. Difor hatar han dei tvilande, vaklande og stadig skiftande menneskemeiningane. For alt i verda vil han ikkje ha eit delt hjarte, det fryktar han meir enn noko anna. Han vil vera heilhjarta. Han hatar dei tomme tankane. Han hatar alt som vil gjera hjartet hans delt.

Dette kjem tydelegare fram i mange engelske omsetjingar, enn den norske. David hata ikkje folk, men det vonde dei stod for. Dette må vi også hugsa. Vi har ikkje kamp mot menneske. Vi står i ein åndskamp. Vi kjempar mot tankesett og filosofiar som vil øydeleggja menneske. Vi sloss for menneskeverdet. Vi vil fremja Guds gode plan og vilje for individ og samfunn.

Denne kampen kjempar vi først og fremst i vårt eige sinn og hjarte. Tvilstankar og negative tankar fører oss inn i eit øydeleggjande mørke. Dei mange menneskemeiningane dreg oss i ulike retningar og gjer oss delte. Å bli tvesinna er ein vond lagnad.

Den beste medisinen mot eit delt hjarte er å elska Guds ord. Det er ei avgjerd vi tek i hjartet. I tru vel vi å lita på Ordet og å elska Guds lov. Å elska må ikkje forvekslast med å føla og ha gode kjensler for noko. Å elska er noko vi bestemmer oss for å gjera, og så gjer vi det. Eg har, som David, bestemt meg for å elska Guds ord. Difor set eg Ordet høgt og finn mi glede i det Gud seier. Når eg elskar Guds ord, prioriterer eg det framfor andre ting. Kvar morgon tek eg tid til å lesa og meditera på Guds ord. Eg gjer det eg kan for å leva etter Guds ord for eg veit at det er det beste livet. Eg elskar Guds ord og frydar meg i det. Ordet frå Guds munn er mitt trygge vern og mi djupaste glede.

Comments