Ta imot gåva frå min munn
Farleg spindelvev

Med livet i hendene

Salme 119,109 Eg går alltid med livet i hendene, men gløymer ikkje di lov (Strong 8451).

David er i livsfare. Han gjekk alltid med livet i hendene for han hadde mange fiendar som ville drepa han. Det er berre eit steg mellom han og døden, for dei gudlause hadde lagt ei felle for han. Kong Saul stod han etter livet og brukte heile hæren sin for å prøva å fanga han.

Eg veit ikkje om du og eg er i livsfare på same måte, men for David var dette alvor. Faktisk står vi i ein like farleg kamp, men på eit heilt anna plan. Vi har ikkje kamp mot menneske. Dei fleste av oss lever i samfunn med fred og fridom og er ikkje utsette for forfølging. Vi lever i eit demokrati og har rett til å meina og tru det vi vil. Slik sett lever vi trygge liv. Denne tryggleiken kan faktisk bli ei snare for oss. For vi står faktisk i ein åndeleg kamp som kan bety liv og død for oss.

Vi lever i eit sekulært samfunn og blir dagleg utsett for tankar og verdiar som strir mot den kristne trua vår. Om vi ikkje er vakne kan vi lett bli påverka og begynna å tenkja og leva på ein verdsleg måte som vil skada det åndelege livet vårt. Vi møter utfordringar og freistingar kor vi snur og vender oss.

Difor er det viktig at vi ikkje gløymer Guds lov. Det er berre Guds ord som vil kunna halda livet vårt på eit godt og trygt spor. Vi må halda fast på Guds ord for å nå fram til målet for livet vårt. Å ikkje gløyma Guds lov er det beste vernet om det åndelege livet vårt. Vi må gøyma Guds ord i hjartet vårt. Vi må ha gode vaner for dagleg bibellesing så ikkje Guds lov går i gløymeboka. I ein hektisk kvardag, der vi blir overvelda av all slag meldingar og informasjon, er det viktig å ta tid til å vera stille for Herren, å sitja ved hans føter og ta imot dei livgjevande orda hans.

Comments