Det beste vernet mot mismot
Hald meg oppe!

Kvitt deg med dårleg selskap

Salme 119,115 Vik frå meg, valdsmenn! Eg vil ta vare på boda frå min Gud.

David står fast i sitt forsett om å leva eit heilagt liv. Difor kan han ikkje tolerera dei som gjer det vonde. Han vil ikkje ha dei i sitt selskap og vil slett ikkje ha dei som rådgjevarar. Desse folka som David viser frå seg er eigentleg fiendane hans. Dei er valdsmann og gjer det som vondt er. Heile tida prøver dei å få David til å ikkje følgja Guds bod.

Dei fleste av oss har vore borti slike folk. Det prøver å undergrava tilliten vår til Guds ord. Dei seier at det ikkje så nøye. Hugs på at vi lever i 2020, vi kan ikkje la ei gammal bok styra livet vårt. Slike folk er ikkje gode venner, for dei prøver å få oss bort frå Gud med glatte og forførande ord. Slike folk er dårleg selskap som vil øydeleggja våre gode vanar (1 Kor 15,33). Difor vil vi visa dei frå oss. «Gå bort frå meg, dokker som gjer det vonde som Guds lov forbyr!» Når vi seier dette, kan vi kanskje berga dei og hjelpa dei til omvending. Elles vil dei ein dag få høyra dei same ord frå Herren: «Gå bort frå meg, dokker som driv med lovløyse!» (Matt 7,23). Dei som motarbeider Guds lov har inga framtid.

Legg merke til kva David seier: «Eg vil ta vare på boda frå min Gud.» Dette er den einaste plassen i heile denne salmen der han bruker ordet Gud, og han legg til det personlege ordet min. Det vitnar om ein personleg relasjon. Min Gud, - han som eg kjenner og elskar. Min Gud, - han som eg tener og tilber!

På grunn av vår personlege relasjon til Gud, som Herre og frelsar, vil vi ta vare på boda hans. Fordi vi elskar han vil vi gjera det han seier. Kjærleiken til Gud gjer at vi tek vare på hans ord. Vi vil ikkje setja oss til doms over andre, men vi vil halda Guds lov same kva andre vil gjera. Vi vil ta vare på boda frå vår Gud. Dei som vil hindra oss i dette og som prøver å forderva tankane våre og få oss bort frå den tilforlatelege truskapen mot Jesus Kristus – Ordet som vart menneske, dei vil vi visa frå oss. Vi finn stor glede i boda, når han som gav boda er vår Gud, vår Herre og frelsar.

Comments