Det er stor makt i å sverja truskap til Guds ord
Ta imot gåva frå min munn

Kva gjer vi når vi er djupt såra?

Salme 119,107 Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt!

Eg ser opp til David, for han er så ærleg. Han prøver ikkje å skapa eit glansbilete av seg sjølv. Han er open og fortel om sine djupaste kjensler. Han legg ikkje skjul på at han har det tungt og er deprimert. Eg er djupt nedbøygd, seier han. Vi får eit gløtt inn i sjelslivet hans.

Han kjempar med mange tunge tankar og kjensler i sitt indre. Det gjer vi også ofte, men vi liker kanskje ikkje å snakka om det. David møtte mykje motbør. Han vart vonbroten då folk svikta han. Folk skuffa han med si oppførsel. Ytre omstende og indre kjensler trykte han ned. Han kjempa mot frykt i sitt indre. Dei vonde tankane var tunge å bera. Slike indre kampar må dei største helgenane kjempa. Store Guds tenarar er ikkje sparte for tunge tankar. Vi kan alle bli djupt audmjuka og nedbøygd i vår sjel. Det skal eg vera den første til å innrømma.

Det gode er at David viser oss at når vi er nedbøygd er det i alle fall ein ting vi kan gjera. Vi kan be til Gud om nåde og hjelp slik han gjorde. «Herre, gjev meg liv slik du har sagt!» Vi treng ikkje bli verande i den hengjemyra av motløyse og tunge tankar som vi har hamna i av ulike grunnar. Vi kan ropa til Gud om nåde, om fornying, om utfriing. Gud har ikkje lova at livet skal vera lett, men han har lova å vera med oss alle dagar. Han har lova at han skal fullføra det gode verket han har begynt i oss. Desse og mange andre lovnader frå Gud, som vi finn i Bibelen, gjev oss frimod til å be med tru og forventing. «Herre, gjer med meg slik du har sagt! Hald lovnadene dine, Herre, min Gud.»

«Eg er djupt såra og vonbroten. Tunge tankar bryt meg ned. Eg er nedbøygd til støvet. Herre, blås liv i meg på ny ved ditt ord og din Ande!»

Comments