Kvitt deg med dårleg selskap
Støtt meg og gjer meg trygg

Hald meg oppe!

Salme 119,116 Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva. Lat ikkje mi von bli til skamme!

Det er mange djupe sanningar gøymde i bønnene til David. Det første som slår meg i denne bønna er den haldninga som ligg i botn. Han kjenner seg heilt avhengig av Guds nåde og hjelp. Det er difor han ber: «Hald meg opp!» Han kan ikkje ein gong halda seg oppe og stå på eigne bein. Kvar dag trong han hjelp frå Gud. Det er ein god plass å vera.

Vi treng ikkje bli motlause eller fortvila over oss sjølve, jamvel om vi har lita kraft og kjem til kort på mange måtar. Vi kan be den bønna David bad: «Hald meg opp slik du har sagt!» Gud har gjeve oss mange gode lovnader i sitt ord. Bibelen er full av lovnader frå Gud. Vi kan gripa tak i ein eller fleire av desse lovnadene og be at Gud skal gjera det han har sagt. Det er ordet frå Gud som held oss oppe og i live. Lovnadene gjev oss håp og tru. Vi lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut av Guds munn.

Truande menneske har til alle tider brukt Guds ord som utgangspunkt for bønnene sine. I Salmane finn vi ofte dette uttrykket: «slik du gar sagt,» eller «etter ditt ord». Maria, Jesu mor, bad slik: «Lat det gå meg etter ditt ord!» Det er trygt å be slike bønner, for Gud har ikkje ulukketankar for oss, men framtid og håp. Guds lovnader er gode. Når Gud held oss oppe og gjer med oss etter sitt ord, då kan vi leva rike og meiningsfulle liv.

Vi har sett vårt håp til Gud og hans lovnader. Difor ber vi om at vår von ikkje må bli til skamme. Vi blir forvissa mange gonger i Bibelen om at den som set si lit til Herren ikkje skal bli til skamme. Likevel, eller kanskje difor, ber vi med stor frimod at håpet vårt ikkje må bli til skamme. Vi treng å be denne bønna av den enkle grunn at av og til tek det tid før Gud grip inn og svarer oss. Av og til ser alt mørkt og håplaust ut. Men vi veit at Gud er trufast og ber at han må sørgja for oss og ikkje lata vår von bli til skamme.

Comments