Støtt meg og gjer meg trygg
Gud let ikkje vonde og lovlause menneske herja fritt!

Gud vrakar falske folk

Salme 119,118 Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du, for dei fer med svik og løgn.

David har nett bedt om at Gud må halda han oppe og støtta han, så han kan leva og bli berga. No ser han på Guds dom over dei som villar seg bort frå hans forskrifter, dommen over dei som fer med svik og løgn. Desse som villar seg bort frå Guds forskrifter er slike som medvite vel å ikkje vera styrt av Guds ord. Det er lett å bli lurt, bli forvirra og gå seg vill, og det er alltid farleg å vika frå Guds forskrifter. Men dei David snakkar om i dette verset er ikkje uskuldige menneske som har vorte forførte, men vonde menneske som fer med svik og løgn. Desse gudlause og lovlause folka er berre opptekne av jordiske ting og å tilfredsstilla sine eigne syndige lyster. Dei er fiendar av Gud og det himmelske livet. Slike menneske har inga anna framtid enn Guds dom.

Gud vrakar dei. Han forkastar dei. Han trør dei ned. Han let dei bli ruinerte. Dei vil møta ein verkeleg skamfull ruin. Dei blir gjort til skammel under hans føter. Desse folka kan vera høge og stolte som sedertre og sterke og sjølvsikre som eiketre, men Herren vil i si tid hogga desse mektige trea ned. Gud står dei stolte imot. Dei som fer med svik og står imot Gud har inga framtid. Falske folk blir vraka av Gud.

Det er verdt å merka seg samanhengen mellom å villa seg bort frå Guds forskrifter og svik og løgn. Det svikefulle menneskehjartet vil ikkje bøya seg for Guds ord. Folk kan koma opp med mange forklaringar om kvifor dei ikkje trur på Bibelen som Guds ord og difor heller ikkje vil leva etter Guds forskrifter. Men alt kokar ned til personleg moral og livsstil. Det er ikkje vanskeleg å tru, men det er utfordrande for dei menneskelege lystene å bøya seg for Guds bod. Når vi er ulydige mot Guds lov, skadar vi både oss sjølve og andre.

Comments