Med livet i hendene
Min største rikdom

Farleg spindelvev

Salme 119,110 Dei lovlause sette ei snare for meg, men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod (6490).

Dei lovlause er alltid ute etter å setja snarer for oss kristne. Dei prøver å fanga oss ved å lura oss til å tenkja feil. Det er som om dei spinn ein usynleg spindelvev av gudlause tankar kledd som humanisme og omsorg for menneske. Å bli fanga i dette åndelege spindelvevet er livsfarleg.

Vi står midt i ein åndskamp. Fornuft og vitskap blir framstilt som ein motsetnad til kristen tru. Dette er jo heilt feil. Den kristne trua er fornuftig og er faktisk opphavet til den moderne vitskapen. Det er lite fornuft i å tru at Skaparen ikkje finst. Den kristne trua byggjer på historiske hendingar. Jesus frå Nasaret er ein historisk person. Han levde, vart krossfesta og døydde. Han vart gravlagd, men stod opp att den tredje dagen. Evangelia er historiske sanningsvitne til det som skjedde.

Det er ikkje fordi det er vanskeleg å tru at folk er lovlause, men dei er lovlause fordi dei vil følgja sine eigne tankar og lyster. Folk er gudlause fordi dei ikkje vil bøya seg for Guds lov og leva på Guds måte. Det er dette som ligg i botn hos alle som vender seg bort frå Gud.

David gjorde andre val. Han hadde valt å bøya seg for Guds vilje og halda hans påbod. Det valet har eg òg teke. Eg gjer alt eg kan for ikkje å villa meg bort frå Guds ord. Eg skriv desse små andaktane for å oppmuntra unge og eldre til å halda fast på Guds lov. Når vi er fødde på ny ved Den heilage ande er lova skriven inn i vårt indre menneske. Når vi les og høyrer Guds ord forkynt, har vi ei indre røyst som stadfestar at det vi høyrer er sant, at Guds påbod er gode og rette. Anden stadfestar alltid Guds ord. Det er trygt og godt å gå på Guds veg.

Comments