Bibelen er ein trygg vegvisar
Kva gjer vi når vi er djupt såra?

Det er stor makt i å sverja truskap til Guds ord

Salme 119,106 Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover.

David har gjeve ein lovnad, ja meir enn det. Han har svore. Han har gjort ei pakt med Herren. Han let seg ikkje rikka frå det han har lova, men står ved pakta han har gjort med seg sjølv og Herren. Han vil halda Guds rettferdige lover.

Smak litt på det uttrykket: Guds rettferdige lover. Det er ei djup og viktig sanning gøymd i desse orda. Kvart einaste påbod frå Skaparen er godt og rett. Det er hans gode visdom som ligg i botn for alle hans bod. Alle Guds lover spring ut av kjærleik. Dei rettferdige lovene gjev gjenklang til dei evige lovene om rett og godt. Difor er det vår plikt å halda dei. Djupt i kvar einaste menneske har Gud skrive sine universelle lover. Vi har alle eit samvit som fortel oss at noko er rett og noko er galt. Noko er godt og noko er vondt. Det finst både sanning og løgn.

David har gjort ein avtale med seg sjølv om å leva etter Guds rettferdige lover. Han har forplikta seg sjølv. Han har bunde seg ved ein eid og svore truskap til Guds ord. No lyftar han hovudet høgt og seier at han ikkje kan gå tilbake på det han har lova.

Hans Nielsen Hauge sa på slutten av livet sitt at han hadde svore truskap til Den heilage ande og at Anden hadde hjelpt han å vera tru mot forsettet sitt. Det er stor makt i å sverja truskap til Gud og hans ord. Når vi gjer det, kjem Anden oss til hjelp. Han hjelper oss til å leva etter Guds ord. Anden gjer oss indrestyrt. Vi blir styrt av det ordet vi har fått forkynt og teke imot i tru. Guds rettferdige lover er trygge å følgja.

Comments