Medisin mot tvilstankar
Kvitt deg med dårleg selskap

Det beste vernet mot mismot

Salme 119,114 Du er mitt vern og mitt skjold, eg ventar på ditt ord.

Vi har tidlegare i denne salmen sett at David møtte motgang og hadde mange fiendar som var ute etter han. Livet var til tider svært vanskeleg for han. Likevel gav han ikkje opp. Han let ikkje motløysa og dei tunge tankane få overtaket. Den viktigaste grunnen til dette finn vi i dette verset: Du er mitt vern og mitt skjold.

Når vi har gjort Herren til vår gøymestad, då er vi trygge. Herren er vårt trygge vern. Vi kan trekkja oss tilbake og finna ro og kvile i Herren. Når indre uro rasar i vårt hjarte og ytre vanskar kringsett oss, kan vi søkja tilflukt hos Herren. Han vernar oss mot alt vondt. Det er godt å læra seg å vera stille for Herren og å kvila i hans nærvær og nåde. Midt i stormen og striden kan vi gjera Herren til vår borg og vår festning. Då kan ikkje den vonde råka oss. Vi gøymer oss i Herren, for han er vårt vern.

Skjoldet bruker vi i nærkamp. Med trua sitt skjold kan vi sløkkja alle dei brennande pilene frå den vonde. I den åndelege striden er Herrens sanning vårt skjold og vern. Når åtaka råkar oss og klagene haglar over oss, må vi tru Guds ord og halda fast på alt det Gud seier om oss når vi er født på ny. Djevelens mektigaste våpen mot oss er fordømming, men når vi bruker trua sitt skjold, seier vi til djevelen at det finst inga fordømming for den som er i Kristus Jesus! Trua på Jesu fullførte forsoningsverk er vårt best skjold mot fordømming og mismot.

Gud er vårt vern og vårt skjold når vi ventar på hans ord. Å venta på Guds ord er aktiv tru og håp. Vi ventar at han vil gjera det han har lova. Vi ser aktivt etter teikn på Guds hjelp i kvardagen. Vi set vår lit til Guds lovnader og ser fram til at dei blir oppfylt for oss. Vi veit at Gud er trufast. Vi veit at han vil hjelpa oss på den eine eller den andre måten. Vi ventar på hans ord.

Comments