Min største rikdom
Medisin mot tvilstankar

Å bøya hjartet

Salme 119,112 Eg bøyer hjartet mot dine forskrifter for alltid, til evig tid.

På nytt gjev David oss innsikt i eit forsett, eit val han har teke for heile livet. Det er dei mange små forsetta våre som til saman fører til eit rikt liv. Vi tek små val heile tida. Desse vala skaper haldningar og haldningane styrer alt vi gjer. Dette handlar om å byggja karakter og integritet. Det er kanskje det viktigaste vi kan gjera i livet.

Legg merke til at David seier at han bøyer hjartet sitt. Han tek med andre ord styring over sine eigne tankar og kjensler. Han tek styring i sitt eige liv. At han bøyer hjartet sitt mot Guds forskrifter inneber at han set seg føre å vera lydig mot Guds ord. Legg merke til at han må bøya hjartet sitt for å kunna vera lydig mot Ordet. Det er nemleg slik at vårt eige hjarte er svikefullt. Vi kan ikkje stola fullt ut på vårt eige hjarte, for det kan bli styrt av mange negative impulsar, som egoisme og lyst til tom ære.

Hjartet vårt må bøyast og styrast. Det tryggaste vi kan gjera er å bøya hjartet mot Guds ord. Det inneber at vi set ordet frå Gud høgare enn våre eigne lyster og meiningar. Det er noko vi må gjera heile livet. Når David bruker orda for alltid og til evig tid, kan vi få inntrykk av at dette valet han har gjort ein gong for alltid. Det er berre ei halv sanning. Det er sjølvsagt rett og godt å ta slike store livsval som gjev retning for heile livet.

Det er ei stor hjelp i å bestemma seg for å alltid vera lydig mot Guds ord. Vi må berre vera realistiske og innsjå at vi ikkje kan slappa av etter ei slik viktig avgjerd. Kvar einaste dag møter vi ulike utfordringar og kvar dag må vi vera vakne slik at vi bøyer hjartet vårt til Guds ord.

Eg har sett meg føre i mitt hjarte å lyda Ordet heilt og fullt, i eitt og alt, heile livet. Hjelp meg, Gud, til å vera trufast mot mitt forsett.

Comments